(Firda): – Mange kommunar opplever no reduserte skatteinntekter og auka kostnader som følge av koronapandemien. Utbyttet frå BKK for 2019 blir derfor ekstra viktig for eigarkommunane, seier konsernsjef Jannicke Hilland i BKK i ei pressemelding.
Årsresultatet til energikonsernet blei på 2265 millionar kroner, ei auke på 560 millionar kroner frå 2018.
BKK er eigd av Statkraft, 17 kommunar og to kommunale kraftlag i Vestland fylke. Den største kommunale eigaren, Bergen kommune, får utbetalt 226,5 millionar kroner.
Deretter følgjer Alver kommune som får 20,7 millionar. Av dei andre kommunane i regionen får Austrheim 2,6 millionar, Gulen 1,6 millionar, Solund 1,5 millionar, Høyanger og Fedje 0,7 millionar og Masfjorden 0,6 millionar.
Sjå heile lista nedst i saka.
Men neste år kan ikkje eigarane vente seg eit like stort beløp.
– BKK si inntening er spesielt avhengig av kraftproduksjonen ved dei 39 heil- og deleigde vasskraftverka selskapet eig. Analytikarane til BKK trur straumprisane vil halde seg låge også resten av året. I tillegg forventar BKK at koronakrisa fører til svakare resultat, ifølge pressemeldinga.
Slik sikrar BKK Nordhordland straum under pandemien

No får Ketil (48) ansvaret for straumkundane i Nordhordland og Gulen

Lobbykrefter jobbar for å få IT-gigant til Mongstad
