Gå til sidens hovedinnhold

No er det nye reglar for EU-kontroll

Artikkelen er over 2 år gammel

Frå og med 8. februar vart det iverksett nye reglar. Kor du får meir fleksibilitet ved at du kan ta EU-kontrollen når du sjølv ynskjer, så lenge køyretøyet er godkjent innan fristen.

Tidlegare var det slik at siste siffer i registreringsnummeret var styrande for kortid bilen skulle inn til kontroll. Etter 8. februar 2019 er det dato for førstegongsregistrering som vert utgangspunktet for fristen.

– Den fristen du har ved overgangen gjeld til du har gjennomført ein ny kontroll. Deretter får du ein ny frist basert på den datoen du utfører kontrollen, opplyser Statens vegvesen på sine nettsider.

Fram til no har Vegvesenet sendt purrebrev når fristen er utløpt, med ein ny frist. No er fristen endeleg, men du vil få ei påminning per brev to månadar før den endelege fristen.

Kontrollen kan du utføra når du sjølv ynskjer, men du får aldri meir enn to månader på å utbedra eventuelle feil. Om bilen ikkje vert godkjent får du ikkje forskyva fristen. No må ein rekna god nok tid til kontroll og eventuelle reparasjonar og etterkontroll.

Dersom du ikkje held fristen risikerer du at bilen vert avskilta.

Les også

For 50 år sidan selde Magnar huset for å få nok eigekapital til verkstaden. – Radøy Auto er mitt livsverk

Les også

Vegvesenet fjernar ulovleg reklame – Bedriftene fortvilar: – Kundane finn ikkje fram


Kommentarer til denne saken