Gå til sidens hovedinnhold

No er det klart kven som får koronavaksinen først i Alver

Alver kommune melder om vaksinering mot koronaviruset.

heimesida til Alver kommune kan ein finne informasjon kring vaksinering mot koronaviruset.

– Vi veit enno ikkje når vaksinene kjem til Alver og når vi kan tilby vaksine til ulike grupper, skriv kommunen.

Det som er klart er prioriteringslista for kven som får vaksinen først, då det ikkje er nok vaksiner for alle.

Basert på anbefalingane frå FHI skal "bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader" få vaksinen først. Deretter skal eldre over 85 år, 75 år og 65 år bli prioriterte i den gitte rekkjefølga.

Vidare skal "personar i alderen 18 til 64 som har ein eller fleire av nærare spesifiserte sjukdomar frå før" bli vaksinerte.

– Helsepersonell er førebels ikkje høgare prioritert enn gruppene over, men dette kan endre seg om smittepresset aukar og smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg, skriv kommunen.

Ein treng ikkje kontakte kommunen for å få den gratis vaksineringen.

– Dei som blir prioritert blir kontakta med tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen eller fastlege for å setje seg på venteliste, skriv kommunen.

Kommentarer til denne saken