Fredag 20. november var det invitert til markering av at strekninga mellom Einestrand og Nordre Kvinge var ferdig utbetra.

Korona sette ein stoppar for markeringa, men vegarbeidet på fylkesveg 570 er ferdig.

– Det var ni ulike stader som hadde behov for utbetring, seier Andreas Kolaas som er leiar i Nordhordlandspakken.

Arbeidet har kosta 33 millionar kroner og det er Masfjorden kommune som har kome med innspel til kva som måtte gjerast på vegen.

– Det er jo dei som veit kor skoen trykker, seier Kolaas.

Farleg sol

Fleire smale strekningar har no blitt breiare, i tillegg er det komme på plass rekkverk og fortau enkelte stader.

Det har også blitt gjort tiltak mot sterk ettermiddagssol.

– På ein bakketopp var det ein uheldig kurvatur som gjorde at folk fekk sola i auga. I tillegg var det veldig smalt.

– Her har det skjedd fleire uhell, så no er vegen både senka og gjort breiare.