No blir det slutt på banken sine tenester

Frå 1. juli er det ikkje lenger mogleg å ta ut eller setje inn kontantar til eller frå frå kontoar i DNB i Posten sitt salsnett. Foto: Birger Morken

Frå 1. juli er det ikkje lenger mogleg å ta ut eller setje inn kontantar til eller frå frå kontoar i DNB i Posten sitt salsnett. Foto: Birger Morken

DNB sin avtale med Posten om banktenester i Postens ekspedisjonsnett avviklast 1. juli 2020.

DEL

Avisa Nordland: Frå den datoen vil det ikkje lenger vere mogleg å ta kontantar ut og inn frå kontoar i DNB på postkontor eller Post i Butikk, verken for privatpersonar eller for bedrifter.

Avtalen om banktenester gjekk opphavleg ut ved siste årsskifte, men Posten og DNB var einige om ei overgangsordning, slik at det skulle vere mogleg å nytte tenesta noko lengre.

No er avviklingsdatoen sett til 1. juli 2020, opplyser Posten Norge.

– Vi synest det er synd at det ikkje har vore mogleg å få til ein ny avtale om banktenester i postnettet med resten av bankfellesskapet – noko DNB og Posten har jobba for i lang tid. Vi er redd for at kundar ikkje får dekka behova sine for banktenester, seier konserndirektør Christian Brandt i Posten.

Posten har plikt til å tilby banktenester i landpostnettet, og er i dialog med myndigheitene om dette. Ut 2020 vil banktenester gjennom DNB sitt system vere mogleg som tidlegare hjå landpostbod.

DNB har valt å inngå avtale med BankAxept og Vipps om ei ny løysing for kontanttenester i daglegvarebutikkar.

Den nye løysinga «Kontanttenester i butikk» vil ved oppstart våren 2020 vere tilgjengeleg i over 1 400 KIWI- og Meny-butikkar, dei fleste Spar-butikkane og enkelte Joker-butikkar over heile landet. I tillegg vil DNB framleis vere fysisk til stades landet rundt med sine 57 bankkontor. Bedriftskundar kan nytte den nye løysinga med kontantar i butikk, nattsafe eller bestille tenester av Loomis/Nokas.

– Med «Kontanttenester i butikk» kan kundane på ei enkel måte setje inn og ta ut kontantar via daglegvarebutikkane sine betalingsterminalar. Løysinga krev at kundane må identifisere seg med bankkort og pinkode. Det gje r det tryggare for kundane samtidig som det er vanskelegare for kriminelle å utføre økonomisk kriminalitet, seier Ingjerd Blekeli Spiten, sjef for personmarknaden i DNB.

Historiske fakta:

*I 1950 vart Norges Postsparebank etablert som Postverket sitt system for kontobasert betalingsformidling

*I 1999 vart Postbanken fusjonert med DNB ASA. Samtidig vart det inngått samarbeidsavtale med Posten Norge. Posten har seinare inngått nye avtalar med DNB etter konkurranseutsetjing av tilbodet i 2005 og seinast i 2013. Avtalen gjekk ut 31.12.2019.

*I 2002 vedtok Stortinget ei lov om tilbod av grunnleggjande banktenester gjennom Posten Norge AS' ekspedisjonsnett. Frå 2012 vart Posten sitt bankplikt avgrensast til å omfatte landpostnettet – ved ei lovendring

*I dag tilbyr Posten banktenester gjennom ca. 1400 landpostruter og ca. 1400 Post i Butikk og postkontor

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken