No blir det forbode å dra på hytta

Gjer grep for å redusere smitterisiko.

DEL

Under torsdagens pressekonferanse frå regjeringa, fortalte helse- og omsorgsminister Bent Høie at det no blir vedtatt eit forbod mot å opphalde seg på hytter utanfor kommunen ein har heimeadresse i.

Dette skjer grunna kapasiteten i kommunane med store hyttestrøk, som ikkje er stor nok til å gi tilstrekkeleg med helsehjelp til hyttefolket som kan kome til å trenge det.

– Eg vil takke for at mange no har reist heim frå hytta, men det er framleis mange som er der. Derfor innfører vi no eit forbod mot dette, seier Høie.

Det er likevel eit unntak frå regelen etter det Høie seier. Om ein familie har eitt eller fleire medlem som er påvist smitte, må denne personen halde seg i heimkommunen. Dei som ikkje er påvist smitte, kan opphalde seg i karantene på hytta.

– Dette vil forhindre at friske familiemedlem smittast gjennom bruk av same bad og same kjøkken, seier helseministeren.

Dette unntaket vil finnast i sjølve lova, slik at ein ikkje treng å søke om dispensasjon. Høie legg vekt på at kommunane ikkje har kapasitet til å behandle eventuelle dispensasjonssøknader

Saka blir oppdatert

Artikkeltags