Ein ærleg guide til studentlivet i Bergen

Ingvild H. Hagesæter frå Hjelmås studerer sitt fjerde semester på bachelorgraden i kognitiv vitskap.

Ingvild H. Hagesæter frå Hjelmås studerer sitt fjerde semester på bachelorgraden i kognitiv vitskap. Foto:

I Bergen er det 30 000 studentar. Er du klar til å bli ein av dei? 15. april er fristen for å søke til høgare utdanning.

DEL

NH Ung har snakka med Ingvild H. Hagesæter (22) frå Hjelmås for å få ei oppklaring i alle spørsmåla ho skulle ønske ho hadde fått vite svaret på før studietida starta. Ho studerer sjølv til bachelorgrad i kognitiv vitskap ved Universitetet i Bergen, og er allereie på fjerde semester.

– Viktig å tenke framtidsretta

– Eg trur det er viktig å innrette studia til framtida. Eg studerer jo eit framtidsfag, som gjer at det med større sannsyn vil vere lett for meg å skaffe meg ein relevant jobb etter fullført studietid.

Kognitiv vitskap er berre eitt av faga UiB tilbyr som er innretta etter ei verd meir avhengig av teknologi, men universitetet er likevel i verdstoppen når det kjem til meir klassiske fag som antropologi og arkeologi.

Det er ikkje nokon tvil om at uansett kva for retning ein ønsker å gå, vil pensumlista vere lang og forelesningane mange. Derfor meiner Ingvild at det er viktig at du er oppriktig interessert i det du vel å studere. Ho fortel også at det ikkje er farleg å velje feil. Måten ein som elev på vidaregåande skule ofte blir fortalt at ein må bestemme seg for kva ein skal studere resten av livet, er feil. Ved UiB kan ein nemleg skifte retning kvart semester, og dermed begynne på ein ny grad i eit anna fag enn ein først valde dersom ein finn ut at noko anna er meir interessant.

– Ingen kan eigentleg førebu deg på ansvaret du sjølv må ta


Noko av det Ingvild ser på den største skilnaden mellom livet som elev på vidaregåande skule, og student ved eit universitet, er korleis ein blir motivert og korleis arbeidet er lagt opp.

– Ein har ikkje lengre ein eller fleire lærarar som ein ser kvar dag, og som set måla for deg. Motivasjonen må komme frå deg sjølv.

Det neste ho påpeikar som svært viktig er at ein vel å sosialisere seg med andre studentar. Tal frå SSB viser til at 1 av 5 norske studentar ofte eller heile tida kjenner seg einsam. 1 av 3 kjenner seg einsame av og til. Sjølv sitt Hagesæter i styret til Studentersamfunnet, som leiar for Upop-komiteen, som arbeidar med formidling av vitskaplege, politiske og kulturelle saker. Gjennom å delta i samfunnsdebatten på denne måten har ho bygga eit breitt nettverk av studentar frå ulike institusjonar, og derav tette vennskapsband.

– I eit tilvære som i utgangspunktet er nokså einsamt, er sosiale band svært verdifulle. Ein studerer gjerne ikkje det same som vennane sine, slik at dette er på ein måte det første, meir eller mindre frivillige steget inn i vaksenlivet.

Likevel påpeikar ho at det å vere student ikkje naudsynt samsvarer med det å vere vaksen.

– Eg trur ikkje at alle er like godt egna til å vere student, men eg tvilar ikkje på at ikkje alle får det til på eit vis. Det er ikkje, slik som mange trur, ein rask overgang der ein plutseleg blir vaksen og sjølvstendig. Ein er faktisk nøydd til å ta seg saman og lese pensumlista sjølv. Vaksen blir ein ikkje før ein kan kjøpe raudvinsdunk og betale NRK-lisensen bekymringsfritt.

Spørsmål og svar om studielivet

Må eg ha deltidsjobb for å ha råd til å studere?

I utgangspunktet, nei. Slik som Ingvild Hagesæter forklarar er Lånekassen «ei gåvepakke» til studentane. Det er i dag mange studentar i Bergen som lever heilt fint med studielån og utan jobb. Likevel, med tanke på at lånet skal betalast ned etter studietida er det gjerne lurt å på førehand vere klar, sjølv om ein del av lånet kan verte omgjort til stipend.

Er eksamen mykje vanskelegare enn på vidaregåande?

Hugsar du då du på vidaregåande venta på kva for fag du vart trekt opp i eksamen til? Ved høgare utdanning er faga dine mykje meir tilspissa eit emne, som du arbeider med å spesialisere deg i heile semesteret. Dermed er det umogleg like stor skilnad på faga ein kan kome opp i ved universitet eller høgskule, som på vidaregåande. Der er også ulike eksamenstypar, som semesteroppgåver, skuleeksamen og munnleg eksamen.

Er det meir arbeid enn vidaregåande?

Vidaregåande er lagt opp på ein totalt annleis måte enn det universiteta er, medan høgskulane er meir like med tanke på klassar og timeplan. På universiteta er det vesentleg mindre obligatorisk oppmøte, men pensumlista er lengre enn på vidaregåande. Dermed, dersom du er vant med å jobbe gjennom heile skuledagen og gjer det same på eit universitet, vil du kanskje ikkje merke stor forskjell i arbeidsmenga. Der er likevel forskjell på kor lang pensumlista er, alt etter kva for fag du tar. For mange studieretningar ligg nok talet på mellom 3000 og 6000 sider i semesteret.

Kvar er det lurt å lese?

Dersom du finn det enklare å lese vekke frå heime, er biblioteka gull verd. Alle fakulteta har kvar sitt bibliotek, men i utgangspunktet har alle studentar lov til å nytte seg av alle dei andre. I tillegg eksisterer det lesesalar på dei fleste undervisningsbygg, også på Høgskulen og dei andre utdanningsinstitusjonane, med variert standard. Nokre ekstremt viktige normer fortel likevel om at ein ikkje på nokon måte får bråke korkje på biblioteka eller i lesesalane. Likevel, det er det som gjer det lett å finne roa, og dermed – konsentrasjonen.

Kan ein bu i Nordhordland og studere i Bergen?

Ingvild Hagesæter meiner at det absolutt er mogleg å bu i Nordhordland og framleis studere i Bergen, men at ein då lett kan miste en del av dei sosiale tilboda som gjerne er naudsynt for at ein skal ha ein bra studiekvardag.

– Dersom ein ønsker å få mest mogleg ut av studietida, som inkluderer sosial omgang med andre studentar, er det mykje lettare om ein bur nærmare sentrum, fortel ho.

Burde ein delta på fadderveka?

Mange tenker gjerne at fadderveka berre er for dei som er nye i byen, men dersom du droppar denne veka fordi du kjenner Bergen, mister du ein viktig sjanse til å skape nye relasjonar med studenter innan same studieretning. Sjølvsagt, dersom alt du ønsker er fagleg påfyll, utan å tenkje på mykje anna, er den ikkje naudsynt. Fadderveka er til for at ein skal bli kjent med byen, medstudentane og studielivet.

Kan eg dra på utveksling om eg studerer i Bergen?

Svaret på dette er eit definitivt ja. Alle utdanningsinstitusjonane har avtaler med utdanningsinstitusjonar i andre land, som kan vere med på å gjere studietida betrakteleg meir interessant. UiB har avtalar over heile verda, og samstundes har ein moglegheita til å lage eigne avtaler så lenge institusjonen godkjenner planen din. For eksempel kan ein studere rettsvitskap i Sveits, religion i India eller økonomi i USA. Dermed, som student i Bergen kan ein ende opp kvar som helst i verda.

Burde eg delta i studentorganisasjonar?

Ingvild Hagesæter er sjølv med i Studentersamfunnet i Bergen, og meiner det å ta del i eit slikt sosialt miljø er viktig for trivselen i studietida. I Bergen finn ein både organisasjonar som samlar dei ulike institusjonane, samt eigne for kvar av dei. Omfanget er enormt, med alt frå organisasjonar for fotball, debatt, kultur, korsong, arrangering av sosiale arrangement, og heilt til rumpeldunk. Uansett kva for interesser ein har, vil ein med stort sannsyn finne noko ein kan trivst med blant studentorganisasjonane

Kva gjer eg om eg har vald feil studium?

Det er absolutt inga krise å velje feil. Det er heller nokså vanleg å skifte studieretning blant studentar i Noreg. Ein kan søkje seg inn på andre institusjonar kvart halvår (med nokre unntak), og ein skal absolutt ikkje føle at ein har dårleg tid til å fullføre. Ta den tida du treng, gjer deg kjent med ulike studium, og vel noko du meiner er like interessant om eit år som no.

Med dette ønsker NH Ung deg lykke til i studia!




Artikkeltags