12 tips til å studera meir effektivt

Studér på ulike måtar: Du kan ta notat, ta testprøver, eller øve på å teikne og forklare det du har lese om.

Studér på ulike måtar: Du kan ta notat, ta testprøver, eller øve på å teikne og forklare det du har lese om. Foto:

Av

De fleste unge har ein stressande kvardag ved å prøve å fordele tida mellom fritid, vener og det å øve til prøvar. NH Ung har samla dei tolv beste tipsa til å studera meir effektivt.

DEL

1. Skru av mobilen.

Mobilen kan vera eit forstyrrande element, og du kan arbeide meir effektivt når du ikkje får meldingar eller varslar du har lyst til å sjekke. Dette gjeld òg forstyrrande faner på datamaskinen, som Facebook eller andre sider som gir deg varslar.

2. Unngå musikk.

Sjølv om du meiner at du klarer å jobba med stoffet med musikk på øyra, har forsking vist at hjernen plukkar opp mindre informasjon når du høyrer på musikk. Viss du likevel vil ha noko å høyra på, kan du høyra på regnlydar eller andre formar for bakgrunnsstøy utan rytme eller ord.

3. Repeter teksten ved å sjå på bilde, biletetekstar og overskrifter først.

Slik får du god oversikt over heile teksten utan å lese alt.

4. Sett deg spesifikke mål.

Skriv ned spesifikke oppgåver du vil gjere eller ein spesifikk del av stoffet du vil forstå, og kryss ut etter kvart.

5. Les helst til same tid kvar dag.

På denne måten blir læringa meir effektiv, og hjernen blir vant til å lesa på denne tida av døgnet. Dermed vil hjernen kunne hente ut meir informasjon frå stoffet du les. Det hjelper òg å studere på same stad kvar dag, gjerne ein stad som har alt du treng for å studera, slik at du ikkje blir distrahert når du må finna det du treng. Ha likevel ikkje noko du ikkje treng, og som kan forstyrre deg, på pulten.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

6. Studèr på ulike måtar.

Du kan ta notat, ta testprøver, eller øve på å teikne og forklare det du har lese om. Lesing er faktisk den minst effektive måten å studera på.

7. Les i 20–30 minutt om gongen.

Utset du arbeidet og les intenst rett før prøva, vil du ikkje få med deg like mykje informasjon. Er det lenge til prøva, bør du prøva å fordele øktene over eit par veker. Er det kort tid til prøva, lærer du fortast ved å lesa i 20–30 minutt, rundt tre gonger på ein dag, og deretter repetera det ein siste gong dagen etter.

8. Øv på å forklara stoffet i berre to-tre setningar.

Viss du har problem med dette har du mest sannsynleg ikkje forstått det. Når du klarer det, kan du øve på å forklare stoffet meir utdjupande til ein utanforståande. Viss han/ho forstår det, gjer du òg det.

9. Løn deg sjølv.

Lov deg sjølv at viss du les i 20 minutt, eller skriv ferdig det avsnittet, skal du få gjere noko kjekt, eller få noko godt å ete/drikke.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

10. Spel inn notata dine.

Høyr på notata når du skal slappa av, på veg til skulen eller før du sovnar. Sjølv om du ikkje følger heilt med, vil hjernen din kjenne att kjent stoff og omarbeide det.

11. Ta pausar.

Du treng pausar i mellom arbeidsøktene. Det kan då hjelpa å gå ein annan stad enn der du studerer, slik at du kan slappe heilt av. Gå gjerne utanfor eller opne eit vindauge for å få frisk luft.

12. Tøm hjernen din for andre tankar.

Viss du kjem på noko du må gjere seinare, eller noko du må hugsa, skriv det ned, så slepp du å tenke meir på det før du er ferdig å lese.


Kjelder:

How I Stay Focused – 10 Tips For Studying | Studytee. 25.02.18, sett 15.03.19 https://www.youtube.com/watch?v=p60rN9JEapg

The 9 Best Scientific Study Tips. 03.09.15, sett 15.03.19. https://www.youtube.com/watch?v=Z1UaU6O59tg

Artikkeltags