Stina (17) delar erfaringar frå hybellivet: – Det er ikkje mor di, far din eller besteforeldra dine sin plass. Det er din plass, der du bestemmer heilt sjølv

Stina Nordland (17) frå Masfjorden. Foto: Solveig Kvamme

Stina Nordland (17) frå Masfjorden. Foto: Solveig Kvamme Foto:

Av

Stina Nordland var berre 17 år gamal då ho flytta frå Masfjorden for å bu på hybel i Knarvik. Dette har ført til mange færre timar i buss, og ein ny kvardag.

DEL

– Nesten alle frå Masfjorden flyttar på hybel fordi det er så langt til skulen. For min del er det 50 kilometer heimefrå til Knarvik vidaregåande skule.

Stina fortel om førre skuleår, då ho framleis budde i Masfjorden. Om morgonen stod ho opp klokka seks, og kom ofte ikkje heim før klokka 17. På ei veke var ho på buss i heile 14-15 timar. I tillegg til dette gjekk mykje tid til å venta på bussen.

– Foreldra mine var einige om at eg skulle flytta på hybel andre året på vidaregåande. Far min budde også på hybel gjennom skuletida, og eg vil tru at halvparten av folk heime flyttar på grunn av skule, så det var ikkje noko sjokk at eg også skulle det.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Kollektiv med sju jenter

Då dette skuleåret byrja flytta Stina på kollektiv i Knarvik saman med 7 andre jenter. Ho har ikkje noko markant minne frå den første natta der, men ho seier at det kan samanliknast med å vera på overnatting med vener. Her budde Stina i ein månad, før ho seinare flytta saman med veslebroren og ei venninne til ein hybel på omtrent 60 kvadrat i sentrale Knarvik.

På eige hand skulle det innreiast, og middagane skulle lagast. Når ein flyttar ut innser ein kor mykje som skal gjerast, og at det er ein sjølv som må gjere det. Det er viktig å ha sjølvdisiplin, fordi det er ingen som fortel deg når du må gjera kva. Hybelen vaskar ikkje seg sjølv, og ein må passa på at ein har varene ein treng i hus.

Endringar i kvardagen

Mykje har endra seg sidan i fjor. Ho kan sova lengre om morgonane, og gå til skulen. Dei få bussane som går til Masfjorden er ho ikkje avhengig av lengre, og ho er mykje friare. Dagane fungera annleis, der ho har mykje betre tid til alt ho skal gjera. Stina likar den nye kvardagen sin.

- Eg har ikkje så mykje heimlengsel, men det er fordi eg kan reisa heim viss eg vil ein ettermiddag, og framleis rekka skulen dagen – etterpå. Det er verre for dei frå Masfjorden som til dømes har flytta til Voss. Dei kan ikkje berre reisa heim ein kveld viss dei føler for det.

Vidare fortel Stina at ho kjenner godt dei ho bur saman med, noko som har gjort sitt til at det ikkje har vore så skremmande og nytt å flytte ut. Stina og broren gjer det same på hybelen som dei elles ville gjort heime, i tillegg til litt krangling om kven som skal ta oppvasken.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Tips til andre

Stina har nokre råd til dei som skal flytta på hybel. Ofte er det ikkje så stor plass, noko som fører til at ein må tenkja lurt når ein skal pakka.

– Du må tenkja gjennom kva du brukar heime. Det er ikkje alt du treng, og det er ikkje alt du får plass til. Eg måtte tenkja over kva eg faktisk hadde bruk for, og kva eg har heime som berre er «dilldall».

I tillegg er det lurt å planleggja måltid og handling:

– Eg prøvar å handla ein dag i veka, og planlegg på førehand alt som skal kjøpast. Det er keisamt å bruka pengar på dopapir og tannkrem, og det er lett for å gløyma det, men det må hugsast på.

Frysar

Ved å planleggja måltida og handleturane sparar ho pengar. I tillegg held ho seg oppdatert på tilbod ved hjelp av forskjellige appar. På denne måten kan ho få tak i det ho treng utan å betale meir enn naudsynt. Stina får også fram at det å investere i ein fryseboks er gull verd:

– Det mest essensielle er frysaren. Eg kjøper kjøt, fisk og liknande på tilbod, og frys det ned. Til dømes har eg kjøpt mango på tilbod, kutta opp han opp og fryst han ned. Ved seinare anledningar kan eg berre ta han opp, og laga smoothie.

Stina har ikkje noko å klaga på når det kjem til den nye bustaden, og ho trivst godt. Samstundes er det litt løye å bu for seg sjølv.

– Det er ikkje mor di, far din eller besteforeldra dine sin plass. Det er din plass, der du bestemmer heilt sjølv, seier Stina.



Artikkeltags