Ebbe (16) er ikkje imponert over busstilbodet: – Vi ungdommar er avhengig av eit godt og eksisterande kollektivtilbod, det har vi ikkje

Ebbe Io frå Meland meiner kollektivtilbodet i Nordhordland er alt for dårleg.

Ebbe Io frå Meland meiner kollektivtilbodet i Nordhordland er alt for dårleg. Foto:

Av
DEL

Nordhordland har eit veldig spreidd areal, det finst folk langt ut på til dømes Fedje, Ostereidet, Leknes og Skjelanger, Sæbø. Desse plassane er ikkje akkurat sentrale, noko som aukar behovet for kollektivtransport. Likevel er det der ute i distriktet, lengst ifrå sentrale strok, der ein har størst behov for å kunne å flytta på seg, at det ikkje er eit godt nok tilbod. Siste bussen heim til der eg bur, går ifrå Bergen 16.15, på ein vanleg vekedag.

Største utfordringa er som sagt det å komme seg heim, bussane går ikkje seint nok. Dette gjer at det er veldig trøblete å vere med på ulike arrangement eller kvardagslege ting som fotballtrening om ein ikkje har nokon til å henta seg.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Det er jo heller ikkje berre det at det kan vere vanskeleg å komme seg heim, tenk på miljøet. Det er eit ønske at færre skal køyre bil og heller bruke offentleg transport. Men det kan finne på å bli vanskeleg å sitte på med ein imaginær buss?

Som ungdom sjølv ønsker ein å vere sjølvstendig, farte rundt på eiga hand, utan å vera avhengig av at nokon må køyra eller hente. Man misser liksom litt den delen av oppveksten om ein ikkje har moglegheita til det, fordi det ikkje går nok bussar.

Som forelder er det nok heller ikkje så kjekt å bruke all sin fritid på å vera privattaxi. Det finst masse anna ein heller kunne brukt tida si på, om det hadde gått fleire bussar. Om ungdommen din kunne kome seg heim på eiga hand, og du hadde sleppt å køyra og henta alle moglege plassar. Ungdommen hadde fått meir fridom, og det hadde foreldra også.

Om du spør ungdommen i til dømes Meland kva dei syns om busstilbodet er svaret ofte, «kva busstilbod?»

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Det er forståeleg at det ikkje kan gå bussar kvart kvarter, der det berre er to på kvar buss, det er ikkje det vi spør om. Men det er heilt nødvendig med seinare bussar ut til distriktet. At bussane ikkje går seint nok rammar fritida til alle, ikkje berre ungdom som må heim tidlegare, men også foreldra som endar opp med å måtte hente.

Vi ungdommar er avhengig av et godt og eksisterande kollektivtilbod, spesielt i distriktet. Det er noko vi ikkje har. Skjerpings!

Artikkeltags