Ingrid (16) greier seg ikkje utan mat, musikk og matte

Av
DEL

Ingrid Holsen (16) frå Lindås svarar på 11 faste spørsmål frå Nh Ung, på ein unik måte.

Kven skulle spelt deg i filmen om ditt liv?

– Ingen, fordi eg vil ikkje ha ein film om meg sjølv. Det hadde blitt rart. Viss eg måtte velje hadde det kanskje vore meg, både fordi eg trur eg er ein ganske vanskeleg person i tillegg hadde det vore merkeleg å la ein annan person vere meg. Dersom det ikkje kunne vore meg så kanskje Elsa. Vent litt, ho er jo ikkje ein skodespelar? Galadriel frå Lord of the Rings hadde passa utmerka (det burde eigentleg ikkje vere nødvendig å seie kor Galadriel kjem frå).

Ærleg talt med Nh Ung

Ærleg talt er ei spalte med faste spørsmål, laga av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Kva er du redd for?

– Hai, du ser ikkje når dei kjem, dei er ikkje sånne som skremmer deg. Dei berre et deg opp utan forvarsel.

Kva var den fyrste tanken som slo deg i dag tidleg?

– Fyrst tenkte eg at eg måtte slå av alarmen. Ein ordentleg tanke var at eg måtte lukke gardinene, fordi det var så lyst utanfor.

Kva for ambisjonar har du for framtida?

– At eg skal bli ferdig med vidaregåande og studere vidare kjemi i Tromsø eller ein annan by i Noreg.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Kva greier du deg ikkje utan?

– Mat, musikk og matte. Mat likar eg veldig godt. Musikk er noko av det finaste eg veit. Matte fasinerer meg og det er stort. Det er kanskje litt rart å sei at matte er stort, men det er jo det.

Om du skulle vore ein annan person for ein dag, kven ville du ha vore?

– Ein person som kunne ... det er ikkje gøy å vere eit menneske. Eg ville vore eit dovendyr eller ein fugl eller ein fisk, men det hadde vore utruleg kjedeleg utan intelligens. Finst det eit vesen som kan gå, puste under vatn, fly og ha god intelligens? Det vil eg vere i alle fall.

Kva for tre songar er soundtracket til dagen din i dag?

– Black Market av The Weather Report, Eventually av Tame Impala og ikkje minst Green Eyes av Coldplay!

Kva er din «guilty pleasure»?

– Å utsette ting aka slappe av.

Kva brenn du for?

– Rettferd, fordi det er irriterande når noko har skjedd med ein person som dei ikkje fortener. Det kan vere alt frå ein bilkrasj der uskyldige har blitt skada, til å trakke på ein spikar.

Kven ser du opp til og kvifor?

– Dei som er høgare enn meg.

Om du måtte ete ein ting resten av livet, kva skulle det ha vore?

– Sushi, men kanskje det er ikkje så lurt fordi eg klarar ikkje å lage det. Då blir det heller laks. Laks er godt og eg hadde klart å leve på det ein god stund.

Artikkeltags