Dei beste TV-seriane å byrja på i sommarferien

Av

No som sommarferien er her, kjem tankane om kva ein skal bruke all den frie tida si på. Det er mykje ein kan gjere, men når vêret ikkje er på sitt beste kan det mest koselege vere å sjå på nokre fengande TV-seriar. Nh Ung har tatt ein tur i Knarvik Senter og spurt unge om kva TV-seriar du burde sjå på.

DEL

Solveig Kvamme (16) frå Leknes

Kva for ein TV-serie likar du best for augeblikket, eller har du ein all time favorite?

Akkurat no ser eg på «White Collar», som handlar om ein FBI-agent og ein som opphavleg var kriminell. Saman løyser dei saker.

Kvifor er serien bra?

Den er veldig spennande og morosam, eg er veldig glad for at eg fann den.

Vil du anbefale serien til andre?

Ja absolutt, fordi at ein lærer meir om USA, om korleis FBI fungerer og anna. Serien handlar om folk som forandrar seg og ikkje går tilbake til dårlege, gamle vanar.

ACTION: Oskar likar seriar som er fengande.

ACTION: Oskar likar seriar som er fengande. Foto:

Oskar Michalski (17) frå Manger

Kva for ein TV-serie likar du best for augeblikket, eller har du ein all time favorite?

«Stranger Things» er den beste serien eg nokon gong har sett.

Kvifor er serien bra?

Den klarte å halde meg interessert, er mykje action i den. Action fell inn i kategorien av seriar som eg likar best.

Vil du anbefale serien til andre?

Ja, gjerne. Den passar veldig godt til dei fleste tenåringar.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

NETFLIX: Marthe er gald å sjå på Netflix.

NETFLIX: Marthe er gald å sjå på Netflix. Foto:

Marthe Halle (16) frå Leknes

Kva for ein TV-serie likar du best for augeblikket, eller har du ein all time favorite?

Eg ser på fleire ulike seriar som går på Netflix, men viss eg må velje ein så blir det TV-serien «Alexa and Katie». Den er ny, og eg synest den er veldig koseleg.

Kvifor er serien bra?

Fordi at den handlar om ei jente som heiter Alexa og ho har kreft. Katie er veninna hennar og ho støttar Alexa. Serien er veldig rørande, og ein lærar korleis ein kan vere ein god venn.

Vil du anbefale serien til andre?

Ja, fordi det er eit viktig tema serien tar opp.

JIMMY: ingenting er betre enn bilar.

JIMMY: ingenting er betre enn bilar. Foto:

Jimmy Morgan Hagen Sellevoll (13) frå Frekhaug

Kva for ein TV-serie likar du best for augeblikket, eller har du ein all time favorite?

Favorittserien min går på TV og heiter «Garasjen».

Kvifor er serien bra?

Fordi eg er interessert i bilar og det er nettopp dette serien handlar om.

Vil du anbefale serien til andre?

Ja, fordi den er gøy.

FJORDEN COWBOYS: Vegard likar når seriar gir meining.

FJORDEN COWBOYS: Vegard likar når seriar gir meining. Foto:

Vegard Vetrhus Hundsnes (14) frå Alversund

Kva for ein TV-serie likar du best for augeblikket, eller har du ein all time favorite?

Fjorden Cowboys er det eg likar best å sjå på.

Kvifor er serien bra?

Fordi den viser litt hardt arbeid og det er ikkje berre fint og godt, du får sjå kva entreprenørar held på med.

Vil du anbefale serien til andre?

Ja! Den er veldig god å sjå på, ein serie som gir meining. Blir kanskje litt smart av å sjå på den også, men kanskje ikkje.

Følg Nh Ung:

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/ung

Artikkeltags