– Kven som helst kan drive med bil

Mathias Laastad (t.v.) og Sander Gjerde har begge vakse opp i familiar som er oppteken av bil.

Mathias Laastad (t.v.) og Sander Gjerde har begge vakse opp i familiar som er oppteken av bil. Foto:

Å driva med bil er det mange som gjer, men Mathias Laastad (18) og Sander Gjerde (18) fortel kva det eigentleg inneber.

DEL

– For nokon er bil berre noko ein treng for å komma seg rundt, mens for andre er det ei investering i ein hobby, fortel dei. Dei synest begge det er ein dyr hobby, og eit tapsprosjekt, men også utruleg kjekt.

Både Mathias og Sander har vakse opp i familiar som er oppteken av bil. Dei fortel at ein likevel ikkje treng å komme frå ein familie med særs stor bilinteresserte for å sjølv byrja med det.

– Eg kjenner folk frå distriktet, men også folk frå byen som driv med bil. Både jenter og gutar, sjølv om det er ein litt mannsdominert hobby, seier Mathias.

Det å driva med bil er også ein sosial hobby, fortel dei. Ofte kjenner ein gjerne folk frå før av som driv med det, så ein kan drive med bilmekking og køyring saman. På kveldane er det kjekt å hente vener frå fest, eller å berre køyre saman på kveldstur.

Saka held fram under bildet

Det å driva med bil er også ein sosial hobby, fortel Sander og Mathias. Ofte kjenner ein gjerne folk frå før av som driv med det, så ein kan drive med bilmekking og køyring saman.

Det å driva med bil er også ein sosial hobby, fortel Sander og Mathias. Ofte kjenner ein gjerne folk frå før av som driv med det, så ein kan drive med bilmekking og køyring saman. Foto:

Ein møter også nye folk av å drive med bil. Ofte er det ein spesiell møteplass folk samlar seg på, men møteplassane kan variere.

– Dei fleste her ute ifrå står for det meste utanfor skyss-stasjonen på kveldane. Det er ofte her vi møtast for å prata og vere saman, seier Sander.

Mathias fortel at sjølv om han ikkje er den personen som er ute og køyrer til klokka fire om natta, er det likevel kjekt å køyre med vener på kvelden.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Alle som driv med bil driv ikkje med det same. Nokon driv med mekking av bil, andre med pynting. Og nokon synest det er kjekkast å berre køyre. Mathias fortel at han prioriterer å få bilen til å sjå fresh ut.

– Det spørst heilt kva du likar å gjere på. Nokon likar å pynta bilen med juletrelys om vinteren, andre synest det er kjekkast å halde den rein. Sjølv synest eg det er kjekkast å vaska og bona bilen, fortel Mathias.

Mathias fortel også at han ikkje synest det er like kjekt å skru og pynte på bilen, men det synest Sander eg kjekt.

– Eg synest det er kjekt å skru på bilen, og kose meg på ein lang køyretur når det er fint ver.

Saka held fram under bildet

Nokon likar å pynta bilen med juletrelys om vinteren, andre synest det er kjekkast å halde den rein. Sjølv synest eg det er kjekkast å vaska og bona bilen, fortel Mathias.

Nokon likar å pynta bilen med juletrelys om vinteren, andre synest det er kjekkast å halde den rein. Sjølv synest eg det er kjekkast å vaska og bona bilen, fortel Mathias. Foto:

I løpet av 2018 vil det komme nye bomstasjonar i Nordhordland. Dette hadde både Mathias og Sander sterke meiningar om.

– Det er jo ganske teit eigentleg. Det blir jo svindyrt om ein berre skal til Åsane. Og i tillegg blir det verre for dei på vår alder med lappen som ikkje har jobb. Eg kjem nok til å klara meg, men eg vil merka forskjell på at det vil gå meir pengar til bilkøyring, seier Mathias.

Følg Nh Ung:

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/ung

Sander er einig med Mathias og fortel at om ein berre skal ein tur på butikken eller til Knarvik blir det mykje dyrare enn nødvendig. Likevel trur korkje Mathias eller Sander at dei kjem til å køyra mindre.

Saka held fram under bildet

– Dei fleste her ute ifrå står for det meste utanfor skyss-stasjonen på kveldane. Det er ofte her vi møtast for å prata og vere saman, seier Sander.

– Dei fleste her ute ifrå står for det meste utanfor skyss-stasjonen på kveldane. Det er ofte her vi møtast for å prata og vere saman, seier Sander. Foto:

– Eg trur ikkje eg kjem til å køyra mindre, men eg kjem nok til å prøva å køyra sånn at eg slepp bompengane. Ein køyretur blir det no alltid, fortel Mathias og smiler.


Artikkeltags