Ben (17) fortel korleis amerikanarar og livet i USA eigentleg er

TILBAKE TIL USA: Ben Børilden drar tilbake 22. juni og gler seg enormt mykje.

TILBAKE TIL USA: Ben Børilden drar tilbake 22. juni og gler seg enormt mykje. Foto:

Av

Gjennom eit utal seriar og filmar får vi sjå korleis amerikanarar og livet i USA er. Ben Børilden (17) frå Eikanger har familie i USA og har besøkt landet fleire gongar. Han budde i Texas då han var liten og veit ein god del om emnet. Her delar han sine opplevingar av landet.

DEL

Då Ben var under eit år gammal, flytta han saman med mora si til Dallas for å bu der. Sidan ho sjølv er amerikansk, hadde ho lyst til at Ben skulle lære seg språket og bli kjend med familien sin. Etter ei god stund flytta dei tilbake til Nordhordland.

Ben hugsar ikkje noko frå sine fyrste år i USA, men han reiser dit nesten kvart år for å besøke familie og bli betre kjend med landet.

– Den siste gongen eg besøkte USA var for snart to år sidan, då eg og familien min tok ein roadtrip rundt den vestlege delen av landet. Vi fekk dra til mange statar og byar, men ingenting slo den nydelege utsikta i Grand Canyon i Utah, fortel Ben.

Han utdjupar med at Las Vegas er den mest fargerike byen i verda og at lysa stod på 24/7. 17-åringen fekk også dra på Universal Studios som ligg i California og der var Harry Potter og Jurassic Park dei mest imponerande temaparkane.

– USA har verkeleg mykje å tilby som feriestad, alt frå utforsking av den mest fascinerande naturen til nokre av verdas største og travlaste byar, meiner Ben.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Kvardagsliv

– Eg fekk også sjå mykje av kvardagslivet til dei som bur i Denver, Colorado. Eg er mest i den byen ettersom mesteparten av familien min bur der. Det som er kulast er at alle har alltid noko å finne på, same kva alder dei har, seier Ben vidare.

Det han oppdaga fort var at det var vanskeleg å treffe nokon som ikkje var involvert eller hadde vore med på ein type sport tidlegare. Nokre av dei mest populære aktivitetane er basketball, baseball og amerikansk fotball, men ein kunne involvere seg i mange andre. Han seier også at Nordhordland burde hatt meir tilbod om fritidsaktivitetar, og baseball er det Ben saknar mest.

Følg Nh Ung:

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/ung

– Alle skular i USA har skulelag med ulike idrettar. Forskjellige skular konkurrerer mot kvarandre, også på tvers av statar. Det viktigaste er kanskje at det er mykje anna ein kan gjere på som ikkje har noko med sport å gjere også. Til dømes finst det mange tilbod som musikk, korps og kor, forklarar han.

Resten av befolkninga som ikkje går på skule lever heilt vanlege liv. Besteforeldra til Ben er pensjonerte, og når dei ikkje er heime, spelar dei golf. Onklane og tantene går på jobb og tenar pengar. Søskenborna går på skule og er aktivt involverte i mange fritidsordningar.

Amerikanarar om Noreg

Mange av familiemedlemmene til Ben var i Noreg då han blei konfirmert for nokre år sidan. Dei fekk oppleve landet på nært hald, og noko som dei fann merkeleg var sjølve konfirmasjonen.

– Dei synest det var veldig rart at eg fekk mykje gåver og pengar når eg erklærte meg sjølv til å vere kristen. Kusinane og fetrane mine blei fort sjalu på at dei ikkje hadde ein slik tradisjon, ler Ben.

Han legg til at dei fann dei fleste produkta og tenester dyre. Når dei besøkte McDonalds, blei dei svært sjokkerte – ein meny kostar rundt 12 US dollar her, mens på andre sida av Atlanteren kostar den same menyen på rundt 2–3 dollar sjølv om kvaliteten er lik.

– I tillegg var familien min ikkje svært begeistra over vêret. Det var kaldt og det regna, ein type klima dei var uvant med, avsluttar Ben.

Artikkeltags