Fotball for eit godt formål: – Fokuserer på å ha gode kampar og mykje gøy i lag

Benjamin Engebretsen er ein av leiarane for cupen.

Benjamin Engebretsen er ein av leiarane for cupen. Foto:

Av

Nordhordlandscupen er ein fotballcup for alle mellom 13 og 24 år. Den har vore arrangert kvart år sidan 2002, og no vert den spelt i kunstgrashallen i Knarvik. Dette året 23. mars. I snitt har det sidan start vore 38 påmelde lag.

DEL

– Nordhorlandscupen er ein fotballcup for ungdom der vi fokuserer på å ha gode kampar og mykje gøy i lag, fortel Benjamin Engebretsen (26) frå Alversund, som er ei av leiarane for arrangementet.

Vidare fortel Engebretsen om at han sjølv har vore med å spele på cupen i tidlegare år. No er han berre med som ei av leiarane og som arrangør ifrå ungdomsarbeidet Link. Link er i lag med All Sport NLM i år hovudarrangørar. Samstundes er det også andre kristne ungdomsklubbar som både deltek som medarrangørar og stiller med lag.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

– Me saknar den «lekne» idretten. Det kan verte utgangspunkt for mykje positivt, seier leiar Stein Raunehaug.

Raunehaug forklarar at det heile starta med at han leide ein buss og tok med seg sonen og hans kameratar på fotballcup i Ålesund. Der vart han inspirert til å laga eigen cup. Han fortel at oppi alle cupane som finns, så skil denne seg ut. «Me er annleis. Me dyrkar fellesskapet. Me fokuserer på å løfte folk opp», forklarar han. Han beskriv cupen som «Ein av dei største happeningane av sitt slag.»

Foto:

To verdsmeistrar på vitjing

Til stor glede for fleire fekk cupen ei vitjing av dei to verdsmeistrane i triksing Erlend og Brynjar Fagerli. Dei to brørne frå Orkdal i Trøndelag fortel at dei har drive på med triksing i ti år. Sist gong dei vart verdsmeistrar var under VM i Praha, august 2018 kunne Erlend (21) fortelje, medan broren Brynjar (24) berre tok bronse under same meisterskap. I tillegg til dette står dei endå oppført som verdsmeistrar i parkonkurranse.

Brynjar fortel at hans forhold til cupen er veldig positivt, og beskriv han som veldig artig. Dette seier minstebror Erlend seg heilt einig i. Vidare fortel Eldste mann at dei drar mykje rundt og har liknande show som dei hadde i Knarvik.

– For det meste drar me rundt i Noreg, men me er også i utlandet og opptrer ein sjeldan gong, fortel dei med eit glis om munnen.

Lidenskap meiner dei er vesentleg om man ønskjer å bli god. På fritida tek begge to deltidsstudiar. Erlend studerer medisin, medan Brynjar studerer til å verte sivilingeniør.

«Ein treng ei lidenskap i grunn til å byggje på» seier Brynjar om det å verte god. Han fortel at det å beherske det grunnleggjande og å sjå på videoar på internett kan vere lurt òg.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Spelar for eit godt formål

Alle utgiftene til cupen vert dekka av sponsorar. Derfor vert alle pengane gjeve uavkorta til eit prosjekt mellom NLM Indonesia og FotballPlus, som no har skifte namn til Inspire. Inspire er eit fattigdomsarbeid i Indonesia. Dei drar ut på landsbygda og gjev mogelegheita til leik for dei unge. Cupleiar Stein fortel at «All Sport» tyder både at dei driv med fleire typar sport, men også at alle skal få vere med. Han fortel at fleire tusen kroner vert sendt til arbeidet.

– Me ønskjer å bidra! Og me ønskjer å lære ungdommen til å vise nestekjærleik og å dele, forklarar Raunehaug.

I tidlegare år har pengane gått til eit anna arbeid i Indonesia, nemleg prosjektet «Priceless». Det var arbeidet dei støtta i heile tre år samanhengande. Prosjektet går ut på å gje kvinner sjølvtillit og sjølvrespekt. Dei tek kvinner vekk frå gata og byggjer menneske.

– Dersom eg skulle bekrevet arbeida kort ville eg sagt «Idrett og misjon» eller «idrett og evangelisering», seier Stein Raunehaug.

Brørne Fagerli saman med cupleiar Stein Raunehaug.

Brørne Fagerli saman med cupleiar Stein Raunehaug. Foto:

Artikkeltags