Vilde (18) reiste på utveksling til Wales og var den einaste norske personen på skulen: – Eg føler eg har fått oppleve ein heilt annan fridom

Artikkelen er over 1 år gammel

Vilde Færøy Gald (18) frå Hilland hadde eit heilt anna skuleår enn dei fleste som går 2. klasse studiespesialiserande på Knarvik vidaregåande skule. Ho flytta nemleg til Cardiff i Wales og ho fortel om sine fyrste dagar i ein ukjend by og korleis ho blei «tvangssosialisert».