Ingvild (17) har vore på språkreise: – Gjer det om du har sjansen

Av
DEL

No er det to år sidan Ingvild Ones Spjell (17) var på språkreise, men ho tenkjer stadig tilbake på tida ho hadde i Australia. Ho reiste over 14 000 kilometer frå Lindås til Cairns, Australia i fire veker heilt åleine.

– Det verste var å reise ned, vi måtte stoppe på mange plassar for å hente folk frå forskjellige land. Det var ein lang tur med mykje venting, spesielt dersom ein ikkje kjenner folk, seier ho.

Ho flug til Sydney og tok fly vidare fly heilt nord i Australia, Cairns, då ho var der var det mest tropisk og varmt. Når ho kom til Cairns, var ho heilt utsliten av jetlag.

Ingvild ville reise til Australia for å sjå på korallrev før dei vart øydelagt. Då ho var der nede kunne ho allereie sjå at klimaendring har forandra på det.

– Det var ikkje slik som på bilde, fortel ho.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Langt heimanfrå

Ingvild var veldig spent på landet. Australia er ganske annleis samanlikna med Noreg. Det ligg også heilt på andre sida av jorda.

– Det var litt skummelt, men eg vil absolutt reisa dit igjen, seier ho.

– Det var litt ekkelt å tenka på at det var så langt heimanfrå enn om det var til England eg hadde reist.

Ho reiste åleine og kjente ingen. Ho fekk seg lett vener, og vart ekstra god ven med dei ho budde med.

Ho har framleis kontakt med dei ho vart kjend med på språkreisa. Ho har mest kontakt med ei frå Nord-Noreg som ho budde med. Ho har ikkje fått moglegheit til å møta att nokon av dei, men ho snakkar med dei på sosiale medium.

– Når ein bur med nokon, så blir vi ein familie. Vi passa på kvarandre, fortel ho.

Organisasjonen undersøkjer grundig dei aktuelle familiane før familien blir godkjend som vertskap. Ingvild var veldig nøgd med hennar familie. Mora var alltid i godt humør, gav dei alltid ein klem og gjorde ting som ikkje var påkravd.

– Det var som å ha ein liten familie der nede, ein var aldri åleine. Eg var ganske nøgd. Eg var ein av dei heldige, det var jo nokon som bytta vertsfamilie, fortel ho.

Heimlengsel

Ho begynte å føle på heimlengsel då ho ein gong var sein med å trykke på stoppknappen på ein buss. Ho var på ein ukjend stad og ho kunne ha enda kor som helst, men heldigvis gjekk det fint.

Det var kenguruar og slangar i hagen, det var tydelegvis normalt for ein australiar. Ho såg også ein krokodille på stranda.

– Dyrelivet var rikt, seier ho med eit lite smil om munnen.

– Det var så annleis. Eg gjekk heim frå skulen og kunne sjå ein slange i hagen. Australienarane synest jo at det var normalt, men eg var ikkje van med det. Då innsåg eg at eg faktisk var i Australia.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Beste minne

Hennar beste minne frå reisa var å vere på Bondi beach. Å surfa var det gøyaste ho gjorde. Ho fekk oppleva dei berømte Bondi-bølgene og ho hadde det veldig kjekt.

Hennar beste minne frå reisen var å vere på Bondi beach.

Hennar beste minne frå reisen var å vere på Bondi beach. Foto:

– Eg synest sjølv eg var flink, men eg var ikkje akkurat konkurransedyktig. Eg klarte å stå, fortel ho.

Ho fekk også vera med dei kjende livvaktene i tårnet deira og å surfa. Ho og nokre andre gjekk bort til livvakttårnet og dei blei invitert inn. Dei fekk pommes frites og fekk sjå korleis jobben deira var.

Ho kunne ha tenkt seg å reise på ein ny språkreise, men ho trur ho er for gamal.

– Eg hadde tatt eit anna land viss eg framleis kunne sidan eg allereie har vore i Australia. Eg har vurdert å dra til Malta, fortel ho.

På Malta er det surfekurs og vassaktivitetar. Ho kunne gjerne ha tenkt seg å vore meir ute, utforske mest mogleg og ikkje sitte inne i eit klasserom halve dagen. Ho vart hekta på surfing i Australia og vil gjerne gjera det igjen på Malta.

Lærerikt

Ho er mykje tryggare på å snakka engelsk no etter reisa, og synest at det var lærerikt. Ho kjende stor forskjell mellom å vera på ferie med familie og å vera åleine. I Australia måtte ho snakke engelsk sjølv, mens viss ho var med familien var det berre å bestille mat.

– Eg trur det er det viktigaste, å vere komfortabel med å språket, seier ho.

Eit tips frå Ingvild for dei som skal eller vil på språkreise er å vera med på mest mogleg, dra på utflukter og seia ja til ting. Ein kunne kjøpe pakkar der ein kunne gå på ekstra aktivitetar og utflukter.

– Eg svømde i korallrev, fekk vera på Bondi beach og besøkte ein regnskog. Det var ei oppleving eg absolutt anbefaler til andre. Å dra på språkreise var ein fantastisk oppleving, seier ho.

Turen kjem ho til å hugsa for resten av livet.

– Det var ein fantastisk sommar, eg er veldig glad for at eg drog. Eg tenkjer framleis på det innimellom. Det var ei oppleving for livet.

Fem grunnar til å dra på språkreise:

  • Forbedre deg i eit språk. Det er ein fordel for det faglege, det sosiale og det framtidige arbeidslivet.
  • Fint tillegg å leggje til CV en sin.
  • Få nye venner frå heile verda.
  • Ein kjem ut av komfortsonen sin.
  • Ein får minne for livet.
  • Besøka ein ny stad og utforske ein ny kultur.

Artikkeltags