Her er vår nye UNG-redaksjon

Nh UNG

Nh UNG Foto:

Av

No er vi i gang med runde to av ungdomsredaksjonen Nh UNG.

DEL

I 2017 starta vi i Avisa Nordhordland opp ungdomsredaksjonen «Nh Ung». Her får ungdom mellom 15 og 19 år som er glade i å skrive, fotografere eller å lage video, prøve seg som journalistar i avisa.

No er vi i gang med runde to, og fem engasjerte ung-journalistar er alt godt i gang med å levera stoff av, med og for ungdom.

Ein gong i veka er ungdommane samla til redaksjonsmøte i lokala til Avisa Nordhordland i Knarvik. Her finn ungdomsredaksjonen saman ut kva dei skal skrive eller lage videoreportasjar om den neste veka.

Kva dei vil skrive eller lage video om, er opp til dei sjølve.

– Her er det stort rom for kreativitet, seier journalist Morten Sæle, som leier ung-redaksjonen saman med journalist Irene Bratteng Fossheim.

Under kan du lesa ein presentasjon av dei fem ung-journalistane:

Simon Lie

Simon Lie Foto:

Simon Lie

– Då pappa var liten hadde han laga ein avis i nabolaget og gjekk rundt og prøvde å selje den. Denne historia, i tillegg til eit ønske om å få erfaring i arbeidslivet og å gjere ein forskjell i nærområdet inspirerte meg til å søkje plass i Nh Ung, fortel Simon Lie (16) som går på Knarvik Vidaregåande skule.

Simon snakkar på ein heilt unik måte. Det er ein blanding av talemåtar frå heile Noreg; ein dominerande østlandsdialekt med eit striltonefall og eit vestlandsk ordforråd. Grunnen til det er at han har flytta mykje rundt i landet då han var liten.

– Saker eg er opptatt av har blant anna med politikk å gjere. Til dømes er det veldig spennande å sjå korleis politikarane sine val påverkar oss ungdommar i dag, utdjupar Simon.

Tekst: Guste Gecaite


Anna Lervåg

Anna Lervåg Foto:

Anna Lervåg

Anna Lervåg (16) går 1. året på studiespesialiserende på Austreim vidargåande skule, og er veldig fornøgd med linjevalet.

På fritida trener ho handball og fotball. Dette er nok med på å gjere ho til ein god lagspelar, noko som kan vera ein fordel i denne jobben, håpar ho.

I tillegg er ho veldig glad i å lese og skrive, engelske romanar peikar seg ut som favoritt.

Ho har vore på språkreise i England, noko som har dradd ho ut av komfortsona, og det å reise åleine har lært ho å vera sjølvstendig og gitt ho ei stor fridomsskjensle.

Det som gjorde at ho søkte i jobben var litt det å kunne ha ein moglegheit til å tena eigne pengar, men ho synest også at det såg veldig spennande ut, i tillegg til at ho blei anbefalt dette av ein god venn.

I Nh UNG håpar ho på å kunne skrive om tema som er litt tabu, som gjerne ikkje blir så mykje prata om.

Anna seier ho gler seg til arbeidet , men er også litt nervøs.

– Det blir spennande å sjå kva responsen blir, seier ho.

Tekst: Ebbe Io

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Solveig Kvamme

Solveig Kvamme Foto:

Solveig Kvamme

Solveig Kvamme er 17 år og går 2. året på Knarvik vidaregåande skule ved linja studiespesialiserande.

Ho bur på Leiknes og likar å vere med vener, familie og hunden sin Shadow. I sumarhalvåret syklar ho gjerne mykje på fritida.

Ho er glad i å skrive, og då helst på nynorsk, og følte difor at dette var en jobb som passa ho ypparleg. Ho likar å halde seg oppdatert på det som skjer rundt ho, og synast det er spanande å kunne vere på den andre sida av skjermen.

Tekst: Serenne Vikebø


Serenne Vikebø

Serenne Vikebø Foto:

Serenne Vikebø

Serenne Vikebø er 17 år, og bur på Hylkje. Ho går på Knarvik vidaregåande skule ved linja studiespesialiserande. Muskelsjukdommen spinal muskelatrofi type 2 pregar kvardagen, men det stoppar ho ikkje i frå å jobbe i Nh UNG. På fritida spelar ho EL-innebandy saman med andre med ei eller anna form for funksjonsnedsetting. Elles likar Serenne å reise, og drar ofte til favorittlandet sitt Spania, der spanskkunnskapane blir nytta. Ho blei veldig glad då ho fekk jobb i avisa, fordi jobben gir moglegheiter til å vere kreativ, og ho likar godt å skrive. I tillegg følte ho at dette var ein jobb ho kunne gjere på eigen hand.

Tekst: Solveig Kvamme

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Guste Gecaite

Guste Gecaite Foto:

Guste Gecaite

– Jobben skal ha ei meining. Eg vil at den skal bety noko for meg og dei andre ungdommane i Nordhordland. Eg kunne også gjerne tenke meg å verta journalist i seinare tid, seier Guste Gecaite (17) med eit smil om munnen.

Guste frå Alversund, som går andre året sitt på studiespesialisering ved Knarvik videregåande skule, har vore med på Nh Ung i snart to år, heilt frå oppstarten. Jobben her i avisa har styrka hennar eigenskapar innan både prating med menneske og skriving av artiklar, særleg nynorsk.

– Jobben krev ein del kapasitet, men det er jo slik alle jobbar er. Eg er glad eg er med Nh Ung, fortel Guste.

Tekst: Simon Lie


Artikkeltags