Ina (16) kjenner på nervane før Brass-NM

Ida Sundsbø (16) sine forventingar til NM er høge, og sidan ho får spele med dei vaksne ønskjer ho difor å prestere endå betre.

Ida Sundsbø (16) sine forventingar til NM er høge, og sidan ho får spele med dei vaksne ønskjer ho difor å prestere endå betre. Foto:

Av

– Under ei rekrutteringskonsert er det ikkje så mykje nervar, men no kjem eg nok til å føle veldig på dei.

DEL

Det seier Ina Sundsbø (16) frå Lindås.

Til helga arrangerast noregsmeisterskap i brassband for vaksne korps. I tredje divisjon deltar blant anna musikarane frå Lindås Brass. Ungdommen Ina, som går første året sitt på studiespesialiserande linje ved Knarvik vidaregåande skule, er ei av musikantane som skal delta i meisterskapet.

– Eg starta å spele i korps fordi både mamma og brør mine spelte, så det var nok litt forventa, men det var ikkje av tvang, seier ho med eit smil om munnen.

Heilt sidan tredjeklasse på barneskulen har den lystige jenta drive med korps. Slik som alle andre som starta, byrja ho også med å spele instrumentet kornett. Etter som tida gjekk, byta ho kornetten med eit flygelhorn i skulekorpset, men enno spelar ho kornett i vaksenkorpset.

– Under konserten vil eg nok sitja med tanken «No må du spele riktig, Ina» for presset om å prestera finst jo, fortel ho om NM-helga som kjem.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Krevjande korpskvardag

Å spele i korps ligg den unge musikanten nært til hjartet, men kvardagen i korps kan verta nokså krevjande. Fleire gonger i veka tek ho buss direkte frå skulen til øving.

– Vekene varierer, men det vert litt rutine, seier ho. Sjølv om det vert rutine så synest ho at det å rekkje å ete nok mat, og å leggje seg med ei kjensle av å ha gjort sitt beste innan både skule og musikken kvar gong hadde vore greitt.

Sjølv om helgane hennar som oftast er utan fellesøving, så kjem ho ikkje utanom fire helgeseminar i året, men dette ser ho på som ei positiv ting. Ho fortel at øvingar og helgeseminar er veldig sosialt og kjekt i tillegg til at dei får dele interessa si med andre musikantar.

– Under ei rekrutteringskonsert så er det ikkje så mykje nervar, men no kjem eg nok til å føle veldig på dei. Ein er jo sjølvsagt svært spent, fortel Ina.

Følg Nh Ung:

Ina synest det å få spele med dei erfarne musikarane er veldig stas, og gler seg spesielt til helgar som dette. Ho fortel vidare at korpset hennar ikkje er eit korps som øver ekstremt mykje i siste lita, men at dei jobbar jamt og trutt gjennom heile året.

Eigenøving

Det er øvinga på eiga hand som tel. Ho fortel at fellesøvingane med korpsa er mest for å øve på spele saman, at det er heime ein skal læra stemma si.

Når ein kan stemma, så øver ein gjerne på ting som å bla i notane medan ein speler slik at ein får inn teknikken.

– Eit tips til dei som ønskjer å starte å spele i korps, eller har spelt ei lita stund, er å berre fortsette å øve. Om det verkar litt keisamt er det lurt å øve på ting du kan, slik at du får meistringskjensle. Fellesskapet er også ein faktor som gjer det endå kjekkare å spele i korps, seier Ina.

Forventingane hennar til NM er høge, og sidan ho får spele med dei vaksne ønskjer ho difor å prestere endå betre.

– Målet er å få visa folk alt det gode vi får til saman som korps.

Artikkeltags