Sabina (17) ville vore Donald Trump for ein dag
Sabina Fosse Hansen (17) frå Alversund har svara på Nh Ung sine «Ærleg talt!» spørsmål.
1. Kven skulle spelt deg i filmen om ditt liv?
– Ho som spelar i Supergirl og Grey’s Anatomy, Chyler Leigh! Ho er utrulig flink.
2. Kva er du redd for?
– Haiar! Eg vil ikkje bli eten levande.
3. Kva var den første tanken som slo deg i dag tidleg?
– Mat. Trur eg var svolten.
4. Kva for ambisjonar har du for framtida?
– Eg har lyst til å bu i eit stort, fint hus med mist fem hundar og eta masse is.
5. Kva greier du deg ikkje utan?
– Oksygen og musikk. Eg går på musikklinja, så musikk er ganske viktig.
6. Om du skulle vore ein annan person for ein dag, kven ville du ha vore?
– Donald Trump. Då kunne eg hatt min personlegheit i hans kropp, slik at eg kunne styrt USA slik eg vil.
7. Kva for tre songar er soundtracket til dagen din i dag?
– Scarecrow av Alex & Sierra, Geronimo av Sheppard og Teenagers av My Chemical Romance.
8. Kva er din «guilty pleasure»?
– Disney Channel. Dei beste programma går der.
9. Kva brenn du for?
– Musikk. Eg har drive med musikk kjempelenge, og det er det eg har lyst til å driva med.
10. Kven ser du opp til og kvifor?
– Stort sett alle fordi eg er så lav.
11. Om du måtte ete ein ting resten av livet, kva skulle det ha vore?
– Salat, fordi det er så mange forskjellige typar.
Kommentarer til denne saken