Jakob (18) fortel om korleis det er å ha epilepsi: – Ein kan ikkje leva likt som alle andre

Jakob Adrian Farestveit frå Modalen.

Jakob Adrian Farestveit frå Modalen. Foto:

Av

Jakob Adrian Farestveit på 18 år frå Modalen lever eit normalt liv. Han går i andre klasse ved linja studiespesialiserande på Knarvik vidaregåande skule, og likar å drive med skyting på fritida. Det dei rundt han merkar lite til, er at han må tilpasse livet sitt etter epilepsien.

DEL

Foreldra til Jakob såg nokre gonger at han hadde krampetrekningar, laga lydar og var bevisstlaus medan han sov. Det var eit par år mellom kvar gong det skjedde, og foreldra trudde at det var natterror. Det er eit slags mareritt der du byrjar å bevege deg i søvne.

I seinare tid oppdaga dei at det ikkje var tilfellet. Ein dag då han spelte playstation svima av han, og symptoma dei trudde var frå natterroen kom medan Jakob var vaken. Dei bekymra foreldra skjøna at det ikkje kunne vere natterror, og dei ringde straks etter ambulanse.

Ein forfjamsa Jakob vanka seinare i senga si med ambulansepersonale rundt seg, og dei bar han ut i ambulansen. Han var ikkje ramma av harde skadar, men hovudet verka.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

På Haukeland blei det tatt ein EEG, der dei på hovudet til Jakob festa elektrodar med gelé for å sjekke hjerneaktiviteten hans, men dei fann ikkje noko gale med hjernen hans. Ei stund seinare måtte han attende til Haukeland, der han på førehand måtte vere vaken i 24 timar.

– Det var strevsamt å halde seg vaken under køyreturen frå Modalen til Haukeland sjukehus, men det gjekk heldigvis fint. Grunna stress måtte hjernen sjekkast. Heller ikkje denne gongen fann dei noko konkret, men konklusjonen blei at eg hadde epilepsi, og eg byrja med medisin.

Anfall

– Kan du skildre eit epilepsianfall?

– For meg er det vanskeleg, fordi eg har aldri sett eit. Når eg får anfall går det veldig fort frå vaken tilstand til at alt er svart. Det kan samanliknast med å sovna, men det går mykje fortare. Skilnaden er at når ein søv, er ein klar over det, men ved epilepsianfall går eg på ein måte frå å vera vaken til å vakne igjen. Det kjennest ikkje ut som om noko har skjedd i mellomtida, og eg hugsar ingenting, fortel Jakob.

Foreldra hans har fortalt i ettertid av anfall at kroppen hans får trekningar i alle musklar, han lagar masse rare lydar og auga hans er overalt.

Når anfallet er over, tek det framleis litt tid før hjernen er seg sjølv igjen. Alle musklane har spent seg, og det har vore mykje stress for hjernen.

– Etter eit anfall har eg veldig vondt i hovudet, og eg er sliten. For dei som ser på kan det verke veldig skummelt, og det kan sjå ut som om eg skal døy.

Jakob oppfordrar dei som ser at nokon har eit epilepsianfall til å passe på at dei blant anna ikkje dunkar seg, slik at dei ikkje skadar hovudet. Ein må ikkje putte noko inn i munnen på personen som har anfall, fordi då er det fare for at dei kan kvele seg sjølv. Viss dei derimot bit i si eiga tunge, skal ein la det skje. I tillegg er det viktig å ta tida på anfallet, fordi viss det varar lengre ein fem minutt, er det veldig alvorleg, og ein må ringja etter ambulanse.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Utfordringar i kvardagen

Kvardagen til Jakob er ikkje særleg mykje prega av epilepsien. Han tek medisin kvar kveld, og han har ikkje opplevd anfall på tre år. Jakob er frisk nok til å ta sertifikatet, men han slit litt med å få løyve frå legen. Det er ein ekstra belastning andre ikkje treng å bekymra seg for. Viss han får eit anfall etter at han har tatt sertifikatet, eller byter medisin, blir han fråteken lappen til han er stabil igjen.

Vidare fortel han at dei med epilepsi må vera forsiktige, og tenka seg nøye om før dei vel å utføra enkelte handlingar. Ein må til dømes vera heilt sikker på at ein er stabil nok før ein set seg bak rattet for å køyra. Jakob får også fram at dei rundt må vise forståing for dette. Viss ein ikkje blir med på noko, eller lar ver å køyra, skal det respekterast. Det er både for sin eigen og andre sin tryggleik.

– Det er i grunnen ganske skummelt. Eit anfall kan inntreffe på det verst tenkelege tidspunktet. Det kan skje kor som helst, noko som er veldig stressande.

Råd til andre med epilepsi

Epilepsi er kjipt for alle som må leva med det, og dei som ofte opplever anfall har det veldig tøft, men ein må prøva å stå igjennom det.

– Har du nokre råd til andre som har epilepsi?

– Ein kan ikkje leva likt som alle andre. Viss ein har epilepsi, må ein vera forsiktig, og det er lurt å fortelje det til vener og andre rundt deg, slik at dei er klar over det ved eit eventuelt anfall. Dette gjeld spesielt med tanke på viss ein utsett seg for situasjonar som kan vera med på å føre til eit epilepsianfall, som til dømes på konsertar. I slike tilfelle kan ein ha på seg eit armband der det står at ein har epilepsi. Det er ikkje er så mykje ein sjølv kan gjera under eit anfall, og det er difor viktig å ta tryggleikstiltak, seier Jakob.

Artikkeltags