Knyte folk saman med fornybar energi – ei europeisk løysing

Elevar og lærarar vitja kraftverket på Matre. Foto: Jo Magnar Drønen

Elevar og lærarar vitja kraftverket på Matre. Foto: Jo Magnar Drønen

Av

Heilt sidan september 2017 har Knarvik vidaregåande skule samarbeidd med skulen «Waldörfer gymnasium» i Hamburg om ei løysing på å dele den fornybare energien som vert produsert i Europa, slik at ein kan fordele ut etter behov.

DEL

– Fornybar energi er vanskeleg å lagre, det er betre å dele. Difor bør vi ha eit slikt europeisk nettverk, fortel Tor Helge Opdahl, lærar ved Knarvik vidaregåande skule.

Prosjektet er eit såkalla «Erasmus+»-prosjekt. Det vert finansiert av EU, og gir difor ei deltakingsmoglegheit for alle som har faget.

Elevane har alle det same faget; Teknologi og forskingslære. Teknologi og forskingslære er eit fordjupingsfag alle på studiespesialiserande linje med realfag kan søkje om å få ha. I faget har dei lært om både programmering og fornybar energi.

Kva er «Erasmus+”?

Erasmus+ er verdas største utdanningsprogram. Det samlar EU sine tidlegare prosjekt utdanning, ungdom og idrett. Alle dei 28 EU-landa og EØS-landa i tillegg til Makedonia og Tyrkia har moglegheita til å delteke. Den formelle avgjerda i Noreg om deltaking var teke av regjeringa og Stortinget i 2014.

Har vore med sidan start

Uka den tyske elevane besøkte skulen i Knarvik var utviklinga stor, kunne den tyske eleven Thilo fortelje. Han har vore med sidan start.

Vidare fortalde han om at dei tyske elevane valde fag dei ønska å fordjupe seg i for to år sidan.

Medan dei norske elevane kan endre sitt val når det kjem til fordjupingsfag, så må tyskarane halde fram med det dei valde to år tilbake. Difor er fleire av dei norske elevane som var med på utveksling til Tyskland ikkje med no når dei tyske elevane vitja Knarvik.

Februar 2018 drog nemleg dei norske elevane til Hamburg i ei veke for å lære om prosjektet, og for å starte å byggje prototypane som skulle vidareutviklast i februar i år.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

I tillegg til besøk frå utlandet, fekk elevane besøk frå Stian Anfinsen, strategisk rådgjevar i NORCE (Norwegian Research Centre AS), og av seniorforskar Kirsti Midttømme, som også jobbar i det norske forskingsinstituttet. Begge to hadde foredrag om fornybar energi for elevane, der dei fortalde om instituttets arbeid så langt, og korleis ein arbeider med dei ulike formane for denne typen energi.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Artikkeltags