Ønskjer ungdom med i kampen mot nettmobbing. – Vi lærarar har ikkje kontroll over kva som skjer bak skjermen og på internett

(f.v) Stig Solberg, Erling Solberg, Camille Boyer, Emeric Fleur.

(f.v) Stig Solberg, Erling Solberg, Camille Boyer, Emeric Fleur. Foto:

Av

– Det er viktig å involvere elevane, som er ekspertane, fortel Emeric Fleur frå Frankrike.

DEL

«Erasmus+ er EU sitt program for å støtte utdanning, ungdom og sport i Europa» skriv den europeiske unionen på sine nettstader.

Denne gongen handlar prosjektet om mobbing på nett. For å lære meir om temaet skal seks elevar frå Knarvik Vidaregåande skule, og seks elevar frå den franske skulen «Institution Robin Saint Vincent De Paul», i den franske byen Vienne, utvekslast om ein annan.

I løpet av 2019 vitjar lærarar frå skulane kvarandre. Dei får omvising samstundes som prosjektet planleggjast, for det er ikkje før til neste år utvekslinga tek stad.

– Lærarane har ikkje alltid kunnskap

– Spørsmålet om nettmobbing uroar regjeringa veldig. Lærarane har ikkje alltid kunnskap om kva som skjer bak skjermane. Vi ønskjer å lære frå eit anna system; lære frå kvarandre, og for meg som sosiologilærar så er det svært spennande å sjå om vi klarar å finne ei løysing på problemet, forklarar den svært engasjerte Stig Solberg.

Kvar skule stiller med to personar med eit ekstra ansvar. Frå Knarvik er det Stig Solberg og Erling Solberg. Skulen i Vienne stiller Emeric Fleur, professor i sosiologi og politikk, og Camille Boyer, som er professor i historie og fransk. Dei er alle fire svært engasjert i prosjektet, og håpar på at elevane også vert det. Allereie har dei franske elevane vald, og no står dei norske for tur. 15. mars 2019 er søknadsfristen for elevane på Knarvik.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Tidlegare samarbeid

Dei to skulane har hatt fleire år med samarbeid. I løpet av dei siste sju åra har dei samarbeidd om to prosjekt allereie, og skal no byrja på sitt tredje saman. Professor Emeric fortel at dei tidlegare forsøka har handla mest om korleis lærarane arbeidar, mens denne gongen skal elevane si side takast.

Denne gongen skal elevane involverast. Dette skjer ved at elevane drar på utveksling. Både dei norske og dei franske er heilt einige i at ungdommanes synspunkt er viktig.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

– Det er heilt absurd! De er dykk sjølve i klasserommet. I Frankrike er oppførselen heilt annleis. Det er som at skulen vert ei heilt eiga verd for elevane heime, fortel professoren Camille Boyer.

For dei to franske besøkjande vart kultursjokket stort. Kulturen på korleis elevane er i klasserommet er heilt annleis i dei to nasjonane. På Knarvik vidaregåande skule kan elevane sitje med drikke, mat, datamaskin og dei har også lov til å ha mobiltelefonen med seg på skulen. For mange er det ein sjølvfølgje, men i Frankrike er det ikkje slik. Vidare fortel dei at reglane seier at born ikkje kan ha telefon med til skulen før dei er fylt 14 år, og at klassane gjerne består av rundt førti elevar. Noko som Emeric meiner legg til rette for at elevane ikkje kan ha like stor friheit som elevane i Noreg.

Å finne ei løysing

– Korleis skal vi snakke om det? Korleis skal vi handle? Vi ønskjer å finne ei løysing, seier franskmannen Emeric.

Det EU-finansierte prosjektet har eit mål om at den norske og franske skulen skal kunne lære av kvarandre når det kjem til nettopp temaet nettmobbing. No ønskjer dei å kunne dele dei gode eigenskapane og erfaringane sine med kvarandre for å prøve å finne ei god løysing på det heile.


Artikkeltags