Thea (17) frå Alversund har teikna tusenvis av teikningar

PURPLE PEARL: dette er namnet på OC (Original Character) som Thea har teikna for å bruke i spelet Dungeons and Dragons.

PURPLE PEARL: dette er namnet på OC (Original Character) som Thea har teikna for å bruke i spelet Dungeons and Dragons. Foto:

– Eg har blitt sånn som eg er og skaffa meg mange venar på grunn av at eg teiknar, smiler Thea Christina Saltnes Ramsøy (17) frå Alversund.

DEL

I tillegg har den kreative fridomen som kjem i same pakken med teikning gitt 17-åringen meir glede og tryggleik til å vere den ho er.

– Teikning for meg er ein stor hobby og eg skulle ønske det var lettare å finne jobb innanfor det. Akkurat no er teikning noko som eg kan halde på med når eg har lyst til det, seier Thea til Nh Ung.

Den vesle gnisten

Thea har teikna tusenvis av teikningar gjennom livet sitt. For å teikne såpass mykje som Thea, må ein ha inspirasjon.

– Alt rundt meg inspirerer meg til å teikne. Når eg tar ein tur ute i naturen, ser på seriar, ser ulike fargar, høyrer på musikk og held på med andre aktivitetar i kvardagen gjer det meg den vesle gnisten til å byrja å ta fatt i blyanten, seier ho.

Å bruke opp mot fem timar kvar dag på å teikne er ikkje uvanleg for Thea og ho skaffar seg gjerne inspirasjon også frå andre artistar.

– Eg har fleire forbilde innanfor teikning. Eg ser mange på youtube som er veldig flinke, som til dømes Danica Sills. Det er ein fin ting å sjå opp til kunsten til andre og ha det som eit mål å bli betre sjølv, meiner Thea.

Likevel er ho obs på negative sider av det å vere veldig opptatt av andre sitt arbeid.

– Det å samanlikne seg sjølve med andre artistar kan gå hardt ut over ein og er noko eg prøvar å unngå, seier Thea.

Fantasi ledar vegen

Når Thea teiknar, plar ho å la fantasien gå vilt og til slutt sjå korleis det endar.

– Teikning er ein relativt enkel hobby å ha. Alt ein treng er ein blyant, papir og litt fantasi. Eg likar veldig godt å sjå korleis noko blir frå botnen av og opp, seier 17-åringen.

Det er vanskeleg for ho å forestille seg livet der teikning ikkje var ein del av det.

– Eg tenker at livet mitt hadde vore meir einsamt viss eg ikkje hadde teikna, fordi at det er enklare å teikne enn å treffe vennar. I tillegg hadde eg sikkert også hatt meir pengar fordi hobbyen kan nokre gongar vere dyrt, ler Thea.

Det finst mange måtar å teikne på. Thea likar best å teikne med iPaden sin der ho lagar ulike karakterar som ho brukar til ulike ting som til dømes spelet Dungeons and Dragons.

Ein hobby for alle

– Det er rart å tenke på at ikkje alle folk har ein hobby som dei kan lene seg på då dei ikkje har noko å gjere på, seier Thea.

Ho anbefaler alle å finne seg ein god hobby som dei likar. Hobbyen alle kan prøve ut er teikning meiner ho, fordi at den er så lett å byrja med.

– Eg har ikkje vore naturleg flink til å teikne, men heilt sidan barnehagen har eg gjort dette, og eg vil seie meg einig i påstanden om at øving gjer meister, smiler ho.

– Det er aldri for seint å byrja med ein ny hobby, ein blir til dømes flinkare for kvar gong ein teiknar, og eg tenker at det må gjelde andre hobbyar også, avsluttar Thea.


Artikkeltags