Benedicte (18) frå Leiknes vil forandre verda gjennom politikk

FIRE ÅR: Benedicte har vore politisk engasjert i fire år og har blant anna skaffa seg fleire vener for livet på grunn av det.

FIRE ÅR: Benedicte har vore politisk engasjert i fire år og har blant anna skaffa seg fleire vener for livet på grunn av det. Foto:

– Eg vil vera med å forandre verda. Eg er lei av å sjå på urettferda som skjer no, og eg er derfor politisk aktiv, seier Benedicte Hopsdal (18) frå Leiknes.

DEL

Ho har vore med i AUF i fire år og er nestleiar i Nordhordland AUF.

– Du er med på noko stort når du er politisk aktiv, seier 17-åringen.

– Ungdommar er framtida

– Det er viktig å engasjere seg i politikken fordi det har noko å seia. Ungdommar er framtida og det gjeld å vere med å bestemme korleis det blir seinare, seier Benedicte.

Vidare seier ho at det er viktig å engasjere seg uansett kva for meiningar ein har, det er greitt å ikkje vere 100 prosent einig med det eit parti står for.

– Eg er ikkje alltid einig i det som partiet mitt gjer heile tida, men eg trur at dette gjeld alle som er politisk engasjerte. Det viktigaste er å vere med å påverke det som ein brenn for. Eg er til dømes veldig einig med den innvandringspolitikken som AUF står for, seier Benedicte.

Ho legg til at alle som er politisk aktive får vere med på veldig mykje meir enn dei som ikkje er med i eit politisk parti.

– Ein har blant anna moglegheita til å vere med å ta avgjersler for ungdomar i kommunen og fylket, seier ho.

Ho seier at politikken som dei ulike ungdomspartia utøver kan nokre gonger ende opp på Stortinget.

Å vere på Utøya

Det er likevel ikkje alltid berre seriøst politisk snakk heile tida når ein er med i eit ungdomsparti. Gjennom AUF har Benedicte skaffa seg mange vener for livet.

– Ungdomspartia gjer ting som er relevant for oss. I tillegg er det veldig kjekt å møte mange andre som også interesserer seg for politikk, det er veldig sosialt og gøy, smiler ho.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Å vere med på sommarleir er årets høgdepunkt, ifølge Benedicte. Der er det mange ulike turneringar, konsertar og interessante politiske diskusjonar. Sommarleiren for AUF er på Utøya og ho skal vere med for fjerde gong på rad i sommar.

– Det er ei sterk oppleving å vere med på sommarleir med tanke på det som skjedde i 2011. Det som har blitt fortalt til oss er at ingen reaksjonar er feil. Nokre kan byrja å gråte og andre glede seg til å vere med på sommarleir. Alt er lov, seier Benedicte.

Ho utdjupar med at då får ho oppleve det sterke fellesskapet, ingen på Utøya kjem til å gløyme det som skjedde i 2011.

UTØYA: bildet blei tatt på sommarleir i sommar 2018 og visar alle som er med i AUF i Hordaland og AUF i Sogn og Fjordane. Desse to fylkeslagane slo seg saman i Januar 2019.

UTØYA: bildet blei tatt på sommarleir i sommar 2018 og visar alle som er med i AUF i Hordaland og AUF i Sogn og Fjordane. Desse to fylkeslagane slo seg saman i Januar 2019. Foto:

Bli med sjølv?

Det finst nokre ulemper når ein blir med i eit politisk parti.

– Eg har høyrt om at andre har mottatt truslar og hets på grunn av kva dei meiner, spesielt i media, fortel Benedicte.

Ho har sjølv møtt andre som er ueinige i hennar meiningar, men det har ikkje vore noko alvorleg. Ein må kunne tole at andre ikkje nødvendigvis er einige i dine synspunkt, understrekar 18-åringen.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Viss nokon har lyst å vere med på å forandre verda er det berre å hoppe i det, meiner Benedicte.

– Det er enkelt å bli politisk engasjert. Ein må berre lese seg opp på kva dei ulike partia står for og finne det som ein er mest einig med, seier ho.

Vidare er det berre å melde seg på. Benedicte fortel at då ho først blei med var det litt skummelt, fordi ho kjente berre ein person der – fetteren sin.

– Eg blei godt tatt imot frå første stund og fekk venner straks! Det var ikkje like skummelt då, smiler Benedicte.

Artikkeltags