Astrid er adoptert frå Kina: – Ved hjelp av Google omsetjar kan eg snakke med fosterforeldra mine

Astrid Hao Rønhovde (18) vart adoptert frå ein fosterfamilie i Kina inn i ein norsk familie i 2002. Her fortel ho til Nh-Ung korleis det var å besøke plassen der ho vart forlatt av sine biologiske foreldre og om møtet med sine fosterforeldre.

DEL

Astrid budde i Hunan-provinsen det fyrste leveåret sitt.

– I landsbyen Tuanshan vart eg levert til landsbyleiaren som heitte Mr. Lou. Eg var hos han over natten og han ga meg vidare til ein fosterfamilie som kunne ta vare på meg. Fosterfamilien budde i ein liten landsby, fortel Astrid.

Det opphavelege kinesiske namnet til Astrid var Qu Xiao Hao, som det kinesiske barnevernet hadde valt.

– Fosterfamilien min var fattig og dei budde i eit trongt hus. Familien bestod av mor og far og dei hadde to søner. Det var uvanleg på den tida å ha to born, spesielt to søner, men eg trur at sidan dei budde langt vekke frå ein større by var reglane litt lausare der, delar Astrid sine tankar.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Grunnen til kvifor dei tok henne inn er uklare, men ho budde der fram til ho var eitt år gamal. Då fekk endeleg foreldra hennar frå Alversund Lill Helen og Nils Arvid adoptert Astrid etter å ha blitt godkjent som adoptivforeldre av norske styresmakter.

– Eg hugsar ingenting frå tida eg levde i Kina, men for to år sidan fekk eg møta fosterfamilien min som tok vare på meg, smilar Astrid.

Eit kinesisk internettprogram

– Vi reiste til Kina for å bli kjent med og oppleve Kina. Vi reiste også for å besøke barneheimen til veslesystera mi Aline, som også er adoptert frå Kina. Vi hadde håp om å treffe mine fosterforeldre som vi hadde mista kontakten med, fortel Astrid.

Fleire brev blei sendt frå Lill Helen og Nils Arvid til fosterforeldra til Astrid, men dei fekk ikkje noko svar. Dei trudde at det hadde skjedd noko med dei eller at dei hadde flytta til eit anna stad. Korleis Astrid til slutt fann fosterforeldra var eigentleg heilt tilfeldig.

– Vi hadde adressa og bilde av fosterforeldra til Astrid og gav desse til ein ven av oss som bur i Knarvik, men som opphaveleg kjem frå Kina. Ho la bildet ut på eit kinesisk internettprogram der folk frå heile Kina kunne sjå opplysningane, fortel Lill Helen.

Ho seier det var heilt utruleg det som skjedde. Fleire delte innlegget og nokre heilt tilfeldige kinesarar kjente andre som visste kven personane på biletet var. Til slutt klarte den norske familien å få tak i fosterfamilien til Astrid og dei avtalte eit møte.

Google omsetjar

– Det å besøke Kina var ei veldig spesiell oppleving, det var både lærerikt og gøy, seier 18-åringen.

I løpet av dei 18 dagane i Kina, 2017 fekk Astrid reise til ulike delar av landet og blant anna besøke den kinesiske muren. Det som likevel gjorde størst inntrykk var sjølve møtet med fosterfamilien.

– Møtet vekka store kjensler, det var veldig mange tankar som kom på det tidspunktet. Eg var veldig glad, men litt forvirra fordi mange kom bort til meg og visste kven eg var. Alle ville snakke med meg og dei var veldig hyggelege, fortel Astrid med eit smil om munnen.

Dei snakka om ulike ting, men mest om korleis Astrid var då ho var liten.

– Eg var ein del sjuk, seier ho.

– Det at eg blei forlatt speler ikkje ein stor rolle i livet mitt. Eg er glad eg er norsk, seier Astrid.

– Det at eg blei forlatt speler ikkje ein stor rolle i livet mitt. Eg er glad eg er norsk, seier Astrid. Foto:

Det viste seg at fosterfamilien også hadde sendt brev til Astrid, men desse kom heller ikkje fram. Derfor skaffa Astrid seg WeChat som er eit program der ein kan sende meldingar og snakke med andre. På denne måten held ho kontakt med fosterforeldra den dag i dag.

– Dei kan ikkje snakka engelsk og vi må derfor bruke google omsetjar (Google translate, red. anm.). Det er litt vanskeleg å forstå nokre gongar, men vi snakkar ofte om heilt kvardagslege ting, eg plar å vise dei vêret, seier Astrid.

Å sette pris på det Astrid har er noko ho har lært av å vere i kontakt med dem. Ho seier at fosterfamilien hennar er veldig glad for det dei har og ho har eit stort ønske om å besøka dei ein gong til i framtida.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

– Når det gjeld mine biologiske foreldre hadde eg kanskje hatt lyst til å møte dei og bli kjend med dei viss eg hadde hatt moglegheita, seier Astrid.

Ho veit ikkje kven dei er. Astrid tenkjer at nokre av grunnane til at ho vart forlatt kan ha vore alt frå eittbarnspolitikken i Kina til at dei biologiske foreldra ikkje hadde råd til å ta vare på ho.

– Det at eg blei forlatt speler ikkje ein stor rolle i livet mitt. Eg er glad eg er norsk, sluttar ho.

Artikkeltags