Nei til anbod i NGIR

Strandrydding 2018. Statsminister Erna Solberg. Øyvind Oddekalv.

Strandrydding 2018. Statsminister Erna Solberg. Øyvind Oddekalv. Foto:

Av
DEL

MeiningarStyret i Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) skal i neste veke etter planen ta valet om korleis ein skal hente inn avfallet frå dei private hushaldningane i eigarkommunane i åra som kjem.

For Alver Arbeiderparti er det openberre grunnar til at NGIR må halde fram med å gjere dette i eigenregi, slik ein har gjort etter at RenoNorden gjekk konkurs og ein måtte ta over sjølv. Renovasjon er ei oppgåve som kommunane er pålagd etter forureiningslova. Det er ein viktig og kritisk infrastruktur som kommunane må ha kontroll på.

Når ein har innhentinga i eigenregi får NGIR og kommunane betre politisk styring og kontroll med tenestene enn gjennom kontraktar på anbod. Det er ikkje berre RenoNorden som har gitt kommunane problem dei siste åra, andre døme er RagnSells i Asker kommune og ikkje minst Veireno i Oslo. Og erfaringane med eigenregi, etter at RenoNorden gav opp, er gode. Dette vil og gi dei tilsette som hentar inn avfallet frå dei private hushaldningane same løns-, arbeids- og pensjonsvilkår som for dei andre tilsette i NGIR.

Og for Alver Arbeiderparti er verdige arbeidstilhøve og gode løns- og pensjonsvilkår viktig.

Som ei utgreiing NGIR har gjennomført for styret viser, er ikkje det å ha innhentinga i eigenregi mykje dyrare for selskapet. Det er fleire andre rundt i landet som har gode erfaringar med å ta tilbake innhentinga av renovasjon, også økonomisk, her er Kragerø kommune eit godt døme. Kunnskapssenteret Defacto gjennomførte i 2015 ein undersøking der gebyrnivået i dei 20 største kommunane i landet er undersøkt i tiårsperioden 2004-2014 (Defacto rapport 5-2015). Denne undersøkinga viser at gebyrnivået er 10,6 % høgare i kommunar med anbod enn i kommunar med renovasjon i eigenregi. Ein sparar og kostnader til dyre og ressurskrevjande anbodsprosessar.

Eit anna viktig moment er kompetansen som ein har på dei ulike felta innan renovasjon. Når eit selskap t.d. har hatt ein kontrakt i 6 år har ein bygd opp ein kompetanse som er unik, denne vil forsvinne frå selskapet når kontrakten går ut. Ved å drive i eigenregi vil NGIR byggje opp eigen kompetanse og på dette feltet. Det vil og gi ein betre miljø- og klimaeffekt.

Dei siste åra har renovasjonsfeltet blitt ein viktig del av det som gjeld klima- og miljøutfordringane. NGIR og kommunane vil ha ein mykje større konroll på korleis ein skal takle aktuelle ressursspørsmål, dersom ein har også denne delen av verksemda i eigenregi. I fleire europeiske land, t.d. Storbritannia, Tyskland og Frankrike, har ein i stor grad rekommunalisert denne delen av dei kommunale tenestene. Grunnen er dårlege erfaringar, og av omsyn til arbeidstilhøva for dei tilsette.

Så vi vil oppmode styret i NGIR om å følgje trenden ute i Europa, og ta avgjerda at innhentinga frå private hushaldningar skal vere i eigenregi. NGIR er eit solid og godt selskap som kommunane er nøgde med, og vi er overtydde om at selskapet og vil utføre denne oppgåva godt, og komme ut som eit styrka selskap.

Frekhaug, 5.12.2018

Artikkeltags