NGIR sine 17 tips til ei miljøvennleg jul

NGIR gjer deg smarte tips til ein miljøvennleg jul.

NGIR gjer deg smarte tips til ein miljøvennleg jul. Foto:

Av

Jula er høgtid for hygge og gode tradisjonar. Men det er også høgtid for overforbruk og sløsing med ressursar. Her får du NGIR sine beste tips til ei miljøvennleg jul.

DEL

1. Sløkk lyset og tenn svanemerka stearinlys

Tenn svanemerka stearinlys! Dei er laga av fornybare råvarer (ikkje olje, slik parafinlys er), og bidreg ikkje til auka klimagassutslepp. Viss heile Norges forbruk av stearinlys hadde vore svanemerka, ville vi kutta like mykje CO₂-utslepp som om vi hadde fjerna 21 000 bilar frå vegane.

2. Drikk vatn frå springen

I 2014 drakk nordmenn over 92 millionar liter vatn frå flaske, dette til trass for at det ikkje er kvalitetsforskjell på spring- og flaskevatn. Drikk vann frå springen, det er best for miljøet og smaker like godt.

3. Sorter sprayboksar riktig

Snø- og glitterspray og andre sprayboksar kan innehalda helse- og miljøfarleg stoff og sorterast difor som farleg avfall. Farleg avfall kan samlast opp og leverast til nærmaste gjenvinningsstasjon.

4. Pakk inn julegåvene med miljøvennleg papir

Det finst knapt noko som har like kort brukstid som gåvepapir. Vel gåvepapir som kan gjenvinnast, eller leit i skuffar og skap. Gamle kart, gråpapir, aviser og teikneseriar du ikkje treng lengre kan verta fine innpakningar. Glansa julegåvepapir inneheldt leire og fargestoff, og lite papirfibrar. Glansa gåvepapir kan difor ikkje gjenvinnast til nytt papir, og skal kastast i restavfall.

5. Unngå produkt med mikroplast

Unngå produkt med mikroplast. Alt frå ansiktsskrubb til tannkrem kan innehalde mikroplast, ørsmå plastpartiklar som hamnar i havet. Etter kvart ender miljøgiftene i kroppane våre ettersom vi et både fisk og sjødyr. Tomme kosmetikkflasker sorterer du anten som plast- eller glasemballasje.

6. Hugs at nettet på juletreet ikkje er plast

Nettet rundt juletrea og ved skal i restavfallet. Sjølv om det kan sjå ut som plast skal det ikkje saman med plastemballasjen. Netta kan skapa problem i sorteringa.

7. Fyr riktig i peisen

Trikset er å bruka tørr ved, stabla i ein firkant, tenna frå toppen og ha godt med trekk. Ikkje fyr med kartong og gåvepapir i peisen, dette gjev ekstra mykje oske, mykje lokal ureining og lite varme.

8. Bruk handlenett eller brukte posar når du handlar til jul

Visste du at vi nordmenn bruker ca. 200 plastposar kvar i året? Det er mykje! Plastposar er ressurskrevjande å produsera. I tillegg tar det mellom 10 og 100 år å bryta ned ein plastpose som hamner i naturen. Ta med deg handlenett, sekk eller brukte posar når du gjer julehandelen.

9. Planlegge menyen og ta med handleliste

Ta med handleliste når du handlar mat og godsaker til jul. Planlegg menyen i jula slik at noko av råvara passar i fleire retter. Det sikra at du får ete opp maten du har kjøpt inn. Lag mat i passe mengder og porsjonar. Ser du at det blir mykje restar kan du lage ein fin restelunsj eller restemiddag.

10. Bruk juleantrekket frå i fjor, eller bytt med venner

Det er ikkje nødvendig å kjøpe nye antrekk berre for å ha noko nytt til jul. Ta heller fram ein gamal favoritt frå skapet, eller kanskje du har ein venn som har lyst til å bytte eit plagg med deg? Det er både bra for miljøet og lommeboka.

11. Et restemat i jula

Planlegg å ha juletapas som ein av julemiddagane eller bruk julematrestane til lunsj. Vi kastar i gjennomsnitt 42 kg mat kvar i året. Det vil seie at kvar femte handlepose går rett i bosset. Syt for at ikkje den gode julematen vert til matsvinn, men nyt ein herleg restemiddag.

12. Gjenvinn alt av glasflasker og metallboksar

Det ingen har bruk for lenger kan bli til noko nytt! Festen er ikkje over for tomme flasker og boksar utan pantemerke. Sorterer du disse som glas- og metallemballasje, blir de råstoff til nye produkt.

13. Lag ønskeliste

Når julegåva er noko du faktisk har ønska deg, er det mindre sjanse for at gåva blir bytta, kasta eller liggjande ubrukt. Folk vert stadig meir kresne til kva dei ønskjer seg til jul, så det løner seg å finne ut av kva folk faktisk vil ha. På den måten unngår du å sløsa med pengar og verdifulle ressursar.

14. Kjeldesorter på julaftan

Gjer klart for sortering av plastemballasje, papir og restavfall før gåvene opnast på julaftan – så kan du sortera medan du opnar pakkane og unngår samstundes at det vert mykje rot.

15. Gje bort eit klippekort på tenester til jul!

Ei teneste er den perfekte gåva til dei som har «alt». Gje bort eit gåvekort på barnevakt, husvask, middag eller noko anna du veit familie og vener vil setje pris på.

16. Lever juletreet til innsamling

Du kan levera juletreet som hageavfall på ein av gjenvinningsstasjonane våre. Eit juletre tek lang tid å bryta ned. Du skal difor ikkje kasta det i biodunken din, sjølv om du høgg det opp i småbitar. Dersom du har ein binge for kaldkompost kan du kasta det i den.

17. Gje vekk – og ønsk deg – brukte ting i julegåve

Unngå å kjøpe julegåver i full fart, berre for å ha ein gåve. Kanskje du har nokon ting heime du heller kan gje bort? Kanskje noko står ubrukt hjå nokon i familien din som du treng? Ting som har vore brukt og nokon har vore glad i, kan verta supre gåver under juletreet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken