Gå til sidens hovedinnhold

Nettverksproblem for Telenor over store delar av landet

Artikkelen er over 1 år gammel

Telenor har nettverksproblem med fastnett i store delar av landet.

– Førebels veit vi lite, men feilen er meld, og vi jobbar med å finne ut av årsaka til problemet, skriv selskapet i ei Facebook-melding.

Selskapet ber kundane vente med å kontakte kundeservice, slik at dei i best mogleg grad kan halde oppe kapasiteten.

Store forbetringar

Feilen skal ha vore knytt til Telenors DNS-teneste, altså namnetenarane som omsettar domenenamn til IP-adresser.

– Etter klokka 16.30 har vi sett ein klar forbetring, og trafikken går no som normalt, skriv informasjonssjef Magnus Line i ein e-post til NTB.

– Vi jobbar vidare for å sikre full stabilitet og overvaker situasjonen nøye.

Kommentarer til denne saken