– Dette går ikkje. Det er veldig frustrerande, seier Karoline Vaktskjold frå Radøy.

På tysdag mista ho internettet sitt, og sidan har ho vore utan.

På Facebook-sida «Oppslagstavle for Radøy» er det fleire som er misnøgde med mangelen på internett. Ein brukar fortel blant anna om utfordringar med heimekontor når ein ikkje har internett.

– Lengre tid enn forventa

Vaktskjold meiner dei har fått dårleg med informasjon frå firmaet. Det skal fleire gongar blitt kommunisert at det skal vere fiksa innan eit gitt tidspunkt, men dette skal ha blitt endra.

Sjølv opplyser NextGenTel at det er fleire kundar i Lindås og omland i Vestland som er utan internett. Dei skriv at feilrettinga har tatt lengre tid enn forventa.

Torsdag føremiddag står det opplyst at forventa rettetid er torsdag klokke 16.00.

– Komplisert

Administrerande direktør i NextgenTel, Sondre Aarrestad, seier det er eit komplisert fiberbrot, men at det ikkje er klart kva det er som har skjedd.

– Det blir jobba iherdig, seier han.

Dei leiger lina frå Telenor som også forsøker å rette opp i feilen. Det skal vere snakk om rundt 400 kundar som er råka.

Aarrestad seier det er usikkert når internettet er tilbake.

– Vi må truleg ta ned heile fiberen, og då vil det også kunne råke kundar av andre selskap, seier han.

Informasjonssjef i Telenor, Magnus Line, seier dei planlegg å bytte kabelen natt til i morgon.

– Arbeid med å rette er i gong hos Telenor, men er ein omfattande jobb som vil halde på gjennom natta og utover morgondagen. Fleire kablar i luftstrekk må bytast som nok tydar at kundar hjå fleire operatørar vil bli råka inntil feilen er fiksa, seier Aarestad.

Han beklagar og seier at kundane blir informert om situasjonen ein gong til på fredag om morgonen.