Gå til sidens hovedinnhold

Nei til etablering av oppdrettsanlegg ved Trollhola ved Dalemarka i Meland kommune

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Senterpartiet i Alver ønsker å satse på ein miljøvenleg verdiskapinga i havbruksnæringa.

Når det gjeld planlagt etablering av oppdrettsanlegg i nærleik av busetnad, så skal det takast omsyn på lik linje som planlegging av nye industriområde. Det har vore stor motvilje frå bebuarar i Dalemarka mot å etablere havbruksanlegg ved Trollhola i Meland kommune. Dette er grunngitt med fleire argument, men spesielt med tanke at anlegget skal flyttast og utvidast nær Dalemarka byggefelt med etterfølgande ulemper dette kan medføre for dei som bor her.

Les også

FNB Alver var lynkjappe då valurnene vart opna: – Vi var først ute for å stemme

 

Omsynet til miljøet i sjøen er også eit viktig moment. Med den store koparforureininga i Radfjorden på austsida av Holsnøy, er det viktig å sjå på kva konsekvensar etablering av eit så stort havbruksanlegg i Herdlefjorden har å seie for miljøet i fjorden.

Store oppdrettsanlegg inn i norske fjordar har vist har stor negativ påverknad på miljøet her. Også i forhold til luseplage på sjøaure og villaks i Osterfjorden er plasseringa her uheldig. Etablering av et havbruksanlegg kloss opp til Dalemarka byggefelt er noko Alver senterparti ikkje ønsker.

Les også

Usikker på kor og når du kan røyste? Sjå oversikt her!

 

Trond Torvund og Leif Jan Fosse

Listekandidatar for Alver senterparti

Kommentarer til denne saken