I eit lesarinnlegg i Nordhordland 12. januar orsakar Byrknes at ho ikkje har vore tydeleg på kva ho meiner i lærarsakene og at ho ikkje har stått i første rekke for å få til ei gransking. Ho skriv at ho alltid har støtta lærarane, og at ho ikkje hadde fantasi til å tru kor dårleg handsaminga frå kommunen si side har vore, sjølv om det var akkurat det lærarane og andre hevda med stor kraft at var tilfellet.

Dette skjedde på Byrknes si vakt som ordførar, og ho vart kontakta om saka, men valde å støtta administrasjonen sin.

Byrknes skriv at ho «ikkje har vore tydeleg i kommunestyret». Senterpartiet er av den oppfatning at Byrknes har vore tydeleg i saka, men ikkje på lærarane si side. Sjølv etter det vart offentleg belyst at lærarane kjende seg svært dårleg behandla, stod Senterpartiet åleine i posisjonen.

I oktober 2020 fremja Senterpartiet forslag om at forvaltningsrevisjonen innan oppvekst og tidleg innsats skulle sikre ein revisjon av praksis i saker der opplæringslova § 9A-5 og arbeidsmiljølova, samt eventuelt andre lover, kjem til anvending. Senterpartiet ville at revisjonen skulle sjå på handteringa av slike saker i dei ulike kommunane frå innføringa av lova i 1.8.2017 og fram til då. Framlegget fekk støtte frå Sp, UAVH, SV og MDG, og vart dermed ikkje vedtatt.

Les også

No aukar presset på kommunedirektøren i Alver

I staden fekk KrF, Ap, H og Frp fleirtal for sitt forslag om at forvaltningsrevisjonen skulle ha fokus på korleis opplæringslova § 9A og arbeidsmiljølova knytt til dette området blir praktisert i Alver-skulen. Byrknes ville altså ikkje at forvaltningsrevisjonen skulle sjå tilbake på tidlegare saker i dei gamle kommunane. Då som no finn vi ingen gode grunnar for dette, med mindre ein frykta kva som ville kome fram?

Anna K. Valle, tidlegare kommunestyrerepresentant frå Senterpartiet, stilte i eit lesarinnlegg spørsmål om «kvifor det var så om å gjera å unngå å sjå på desse sakene». Dette lesarinnlegget er enno ikkje svart opp. «Kva er vitsen med revisjon om ein ikkje vil re-videre, altså sjå attende for å kunne sjå framover?», spurde Anna K. Valle.

Det er mykje vi kan takke støttegruppa for. Dei såg det prinsipielle i sakene og gav seg ikkje. I innlegget sitt blandar Byrknes saman personalsaker som ein ikkje skal ha innsyn i som politikar, med at ei leiing har mykje med prinsipielle sider ved behandling av personalet å gjere. Støttegruppa sa heile tida at det er det personalpolitiske, det prinsipielle, som er viktig her.

Granskingsrapporten kjem på bordet til kommunestyret i februar og den syner tydeleg at her har ikkje arbeidstakar vore ivareteken. No handlar det om korleis vi følgjer opp det som har kome fram.

Ein ting er Senterpartiet heilt sikker på - det som har kome fram i granskingsrapporten må få konsekvensar.

Les også

Kven er det eigentleg som styrer Alver kommune?

Les også

Krev økonomisk kompensasjon og offentleg orsaking

Les også

Er usikker på «kommunens evne» til å læra av lærarsakene

'

Les også

Kommunen har krenka rettstryggleiken til lærarane: No må dei rydda opp