Gå til sidens hovedinnhold

Nedgang i tal lovbrot, men kraftig auke i psykiatrioppdrag

Dei siste fem åra har talet på psykiatrioppdrag i Vest politidistrikt, auka med 92 prosent.

Talet på meldte saker i Vest politidistrikt hadde ein nedgang på 11 prosent førre år. Det viser ein ny rapport frå politiet.

Det var NRK Vestland som først meldte om saka.

Samstundes som meldte saker har hatt stor nedgang, har også talet på psykiatrioppdrag hatt ei kraftig auke. Dei siste fem åra har talet auka med 92 prosent. Sidan 2019 har talet på psykiatrioppdrag auka med 20 prosent.

– Nedgang i kriminalitet er vanlegvis noko me set pris på, men dette er berre den registrerte kriminaliteten, så det er vanskeleg å seie om dette er positivt, seier politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad til NRK.

Les mer

Lensmannen om 2020: – Det verkar som om folk tek meir omsyn til kvarandre

Kommentarer til denne saken