Fortvilar over NBK-garderobe

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

KNARVIK: Kva kan ordføraren gjera for å betre forholda til brukarane av garderobane på Knarvik Idrettspark?

DEL

Spørsmålet vart stilt av Øystein Moldeklev (Frp) i kommunestyret torsdag. Han viser til at garderobane frå 80-talet som Nordhordland Ballklubb brukar til sine heimekampar er i uverdig forfatning. Dusjane er ute av funksjon, slukane tette og reinhald fråverande.
 

– NBK er i ein prosess for å bli sertifiert som Kvalitetsklubb, med dei krav det medfører, seier Moldeklev. Han viser til at fotballbanane på Knarvik stadion slik situasjonen er, ikkje har garderobefasilitetar.
 

– Når bygget er oppført med spelemidlar, pliktar kommunen vedlikehald i minst 40 år, seier han.

LES OGSÅ: – Bana må fiksast opp
 

– Gymnastikkbygget vart reist i 1983, og Nordhordlandshallen skulle erstatta dette bygget. På kort sikt ønskjer kommunen å gå i dialog med brukarane av bygget for å få på plass avtale om reinhald, svarer ordførar Astrid Aarhus Byrknes. Ho seier EBML fekk leiga delar av bygget, men desse garderobane måtta haldast utafor grunna tildelte tippemidlar.
 

- På lang sikt vil det krevja betydeleg investeringar for å rusta opp anlegget til dagens standard. Så korleis ein eventuelt utnyttar arealet på Knarvik stadion må vera ein del av ei heilskapeleg vurdering, seier ho.

Artikkeltags