Branns sportssjef melde seg sjølv inn: – Eg skal vera ekspert!

Rune Soltvedt har en omfattende fortid i NBK. I dag kommenterer han gamleklubbens møte med Radøy i 5. divisjon avdeling 3.

Rune Soltvedt har en omfattende fortid i NBK. I dag kommenterer han gamleklubbens møte med Radøy i 5. divisjon avdeling 3. Foto:

«Viss de skal senda NBK mot Radøy, er eg med som ekspertkommentator», var meldinga frå Rune Soltvedt før sesongstart. Me tok han sjølvsagt på ordet!

DEL

Så når Nordhordland og BA sender «strilekrigen» mellom nettopp NBK og Radøy klokka 18 fredag, er det med Branns sportssjef i studio.

– Det blir veldig kjekt. Eg var forresten oppom og såg på då NBK slo Varegg 2 på onsdag, og dei blir favorittar fredag. Men slike lokaloppgjer lever sitt eige liv, kven som er i form og slikt betyr ikkje så mykje. Det er ein heil del anna som spelar inn, seier ein engasjert Soltvedt.

    Her kan du sjå strilekrigen direkte når NBK møter Radøy FK til ein rein naboduell!

    Var dagleg leder i NBK

    Rune Soltvedts karriere som fotballeiar byrja nettopp i NBK (Nordhordland Ballklubb) i Knarvik, der han bur.

    – Eg byrja jo som trenar for aldersbestemte lag der, så blei eg dagleg leiar samtidig som eg trente G16-laget i Brann. Det var travelt nok, NBK hadde 54 lag den gongen som eg skulle administrera, seier han.

    Framleis følger han nøye med på sin gamle klubb.

    – Eg rakk berre 1. omgang onsdag, men eg er ofte oppe og kikkar. Og det er ikkje nøye om det er Jenter 13 eller A-laget – alt er gøy, seier han.

    Rune Soltvedt har «rundt 200» A-kampar for Dale.

    – Det sit i ryggrada, den kameratskapet vi hadde over mange år der. Vi reiste nordover, vestover og alle vegar og spelte. Og koste oss etterpå, ler han.

    – Sånt set sine spor, og eg trur det er veldig viktig at kvar bygd og kvar stad har noko å engasjera seg i og identifisere seg med. Gjerne eit fotballag. Det skapar identitet.

    – Engasjementet rundt dei lokale klubbene har kanskje dabba litt av i forhold til kva det var, men eg føler no at det kanskje er på veg opp igjen. Blant anna takk vere BA sin dekning dei siste åra, rosar han.

    Pistolskyting på Radøy

    Hans gamle klubb NBK kom ned frå 4. divisjon før årets sesong. Dei siktar mot å gå rett opp igjen, blant anna med eit par solide forsterkningar.

    – Men eg er jo stadig ute og skyt med pistol med Nordhordland Pistolklubb på Manger, så sjølv om NBK skal få vera favorittar må eg halda meg nøytral i kommenteringa. Viss ikkje er det ikkje godt å seia kva radværingane kan finna på!

    NBK-stjerner mot hjemmeavlet Radøy-lag

    NBK satsar hardt på ein direkte retur til 4. divisjon. – Blir A-laget i 5. divisjon, mistar vi fort mange av dei talentfulle gutane vi har, seier trener Bent Inge Sellevold.

    – Det har jo vore eit problem i klubben vår i mange år: Vi får opp gode ungdommar, men så forsvinn dei. Vi er nøydd til å gje dei ein god nok kamparena, seier Sellevold.

    – Eg hugsar sjølv min generasjon, vi hadde nokre flotte årgangar og eit sinnssjukt bra juniorlag med gutar født 1978 og -79. Men det var berre meg og eit par andre som gjorde noko på A-lagsnivå, resten forsvann land og strand rundt, seier han.

    – Etter vidaregåande reiser jo folk til militæret og utdanning. NBK har ikkje vore gode nok på å henta dei inn igjen oppi 20-åra. Det har vi snakka om, og vil prøva å gjera noko med, seier han.

    Det har sjølvsagt ikkje gått upåakta hen på strilelandet at NBK har henta spelarar som Tommy Gaustad, Andreas Snekkevik og Sindre Flaa til klubben – alle med brei erfaring frå spel i 2. divisjon.

      Her kan du sjå strilekrigen direkte når NBK møter Radøy FK til ein rein naboduell!

      – Giv i klubben

      – Det mange ikkje nemner er at Snekkevik er frå «tjukkaste Knarvik», Gaustad har flytta hit og etablert seg i Alversund, mens Flaa er frå Hordvik – fem minutt unna, forklarar han.

      – Vi har henta desse, pluss eit par andre etablerte, for å gje våre gode ungdommar erfaring rundt seg. Då vi rykka ned i fjor, såg vi at laget blei for ungt, seier Sellevold. Sjølv om han er ekte NBK-gut har han spelt for dagens motstandar Radøy. Og trenaren for Radøy, Arild Markussen, har ikkje mindre enn åtte sesongar bak seg som NBK-trenar!

      Krig: NBK og Vegard Steine (t.v.) møter «nye Radøy».foto: hordalandsfotball

      Krig: NBK og Vegard Steine (t.v.) møter «nye Radøy».foto: hordalandsfotball

      – Det blir spesielt, dette! Og veldig gøy, seier Markussen, som trente Knarvik-klubben i tre periodar på 1990- og 2000-talet. Dei siste åra har han jobba med spelarutvikling i sin gamle klubb Bergen Nord.

      I år blei han henta til Radøy FK, som blei til i vinter gjennom ei samanslåing av Radøy/Manger og Hordabø. Dermed leiar Markussen no lag både i 5.- og 6.-divisjon. Klubben stiller og lag i 7.-divisjon!

      – Det er ein skikkeleg «giv» i klubben, utruleg gøy! I motsetning til NBK har vi valt å satsa fullt og heilt på våre eigne. For all del; det kan vera lurt å henta eit par utanfrå dersom ein må, men det er ein vanskeleg balansegang. Dei tek jo plassen frå nokre lokale. Men NBK vil rett opp igjen. Vi vil også gjerne opp, men har valt ein annan veg, seier han.

      Artikkeltags