Skal slå saman NAV i Gulen og Masfjorden

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Frå og med 01.11.18 skal det etablerast eit nytt, felles NAV-kontor for Gulen og Masfjorden, etter formannskapet sitt vedtak etter møtet 24.04.

DEL

Vertskommunen for kontora blir Masfjorden, gjennom vertskommuneavtala etter kommunelova § 28, som fortel om moglegheitene for kommunesamarbeid.

Det blir slått fast i protokollen etter møtet i formannskapet at oppstart for kontoret ikkje blir før 01.01.19, altså ved nytt budsjettår. Vedtaket kjem også etter framlegg frå rådmann i kommunen, Svein Helge Hofslundsengen.

Det kjem også fram at formannskapet har vedtatt at kontora skal ha ein desentralisert modell, der begge kommunane stiller møterom til disposisjon.

Kommunane skal saman leige eit nytt, felles areal til NAV-kontora, etter reglar for offentleg anskaffing.

Det skal arbeidast vidare med å legge til rette for digitale løysingar som kan brukast til møter for både NAV og kommunane.

Artikkeltags