Totalt 750.000 dagsverk tapt: Radøy med høgast sjukefråvær i Hordaland

Radøy kommune ligg på topp i oversikta over kva for kommunar som hat høgast sjukefråvær.

Radøy kommune ligg på topp i oversikta over kva for kommunar som hat høgast sjukefråvær. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

I ei pressemelding frå NAV Hordaland vart det opplyst at om lag 750.000 dagsverk med arbeid gjekk bort berre første kvartal i 2018. Radøy kommune kom dårlegast ut.

DEL

NAV Hordaland ønsker debatt om korleis ein kan minske terskelen for å kome tilbake til arbeid etter å ha vore vekke lenge.

Stabilt sjukefråvær

NAV Hordaland, ved fungerande fylkesdirektør Tommy Johansen, meiner at tala frå første kvartal ikkje er noko å juble for, sjølv om det viser ein nedgang på 1,2 prosent frå same tidsperiode i fjor.

– Er ein borte frå jobben i meir enn eit halvt år, er det 50 prosent risiko for at ein aldri kjem attende i arbeid, seier Johansen.

– Med tanke på at arbeid, i dei fleste tilfelle, er helsefremjande, burde fleire heilt eller delvis stått i arbeid når dei elles ville ha vore sjukmeldt. Sjølvsagt skal vi ta på alvor at sjukefråværet er velgrunna, men vi ser at mange ventar for lenge med å endre kurs, legg han til.

Sjukefråvær i kommunene i Hordaland etter kart.

Sjukefråvær i kommunene i Hordaland etter kart.

Flest med muskel- og skjelettplagar

Medan sjukefråværet går brattast ned blant unge i aldersgruppa 16 til 19 år (- ni prosent), er auka størst hos dei som er mellom 60 og 69 år (to prosent).

NAV informerer om at det er muskel- og skjelettplagar som er den mest hyppige årsaka bak sjukemeldingane.

Likevel har ein sett ei skremmande stor auke blant dei som slit med sjukdommar i luftvegane, som i første kvartal merka ei auke på heile 26 prosent frå i fjor.

– Influensaen var hard i år, noko som gir utslag på statistikken, fortel Johansen.

Kvartalsvis utvikling i legemeldt sjukefråvær.

Kvartalsvis utvikling i legemeldt sjukefråvær.


Radøy på førsteplass

På toppen over statistikken for kommunane i Hordaland som har flest arbeidarar delvis eller heilt ute grunna sjukefråvær, ligg Radøy med 7,6 prosent.

Etter følger Sund og Fjell med 7,4 og 6,9 prosent.

Nedst på lista finn ein både Odda og Ullensvang, som berre har 4,4 prosent av arbeidarane sine i anten gradert eller full sjukemelding.

Oversikt over Nordhordlandskommunane:

Tala viser sjukefråværet i prosent for 1. kvartal 2018. Den prosentvise endringa viser opp- eller nedgang frå same tid i fjor.

Masfjorden: 4,6 % (-1 %)

Austrheim: 5,3 % (-10 %)

Modalen: 6,1 % (-33 %)

Lindås: 6,7 % (4 %)

Fedje: 6,7 % (10 %)

Meland: 6,8 % (8 %)

Radøy: 7,6 % (1%)

Hordaland totalt: 5,8 % (-1 %)

Artikkeltags