Unge kan få kutt i arbeidsavklaringspengar

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie under interpellasjon fra Lise Christoffersen hvor statsråden blir utspurt om mulig intern innstramming i praksis vedrørende mottakere av arbeidsavklaringspenger.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie under interpellasjon fra Lise Christoffersen hvor statsråden blir utspurt om mulig intern innstramming i praksis vedrørende mottakere av arbeidsavklaringspenger. Foto:

Av

Regjeringa foreslår å kutta minstesatsen for arbeidsavklaringspengar (AAP) for unge under 25 år, men vil sette inn tiltak for å få dei raskare i jobb.

DEL

NTB: Forslaget i statsbudsjettet går ut på å redusere minsteytinga frå 198.000 til 130.000 kroner. Endringa skal berre gjelde mottakarar under 25 år, skriv VG.

– Vi tek ned ytingane for å sette inn tiltak som raskare kan få ungdommane over i utdanning eller arbeid, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H).

Regjeringa foreslår vidare å avvikle ung ufør-tillegget i AAP til alle nye mottakarar. Dette gir ei samla innsparing på 119 millionar kroner i 2020. Pengane skal brukast til å styrka NAV si oppføring av unge mottakarar av AAP.

– I staden for å sikra folk arbeid og tryggleik, kuttar regjeringa der det gjer mest vondt. Og dei forskjellsbehandlar – folk som har lite skal bli motivert av kutt, medan dei rike skal bli motivert av å få meir. Dette aukar forskjellane i Norge og vil ikkje få Ap si støtte, seier sosialpolitisk talsperson Lise Christoffersen i Arbeidarpartiet.

117.000 personar mottek AAP i dag. Rundt 12.000 av dei er under 25 år.

AAP er ei ordning for folk som har fått arbeidsevna redusert med minst 50 prosent på grunn av sjukdom eller skade. Minsteytinga er i dag på 198.000 kroner. Full yting utgjer 66 prosent av inntekta det siste året du blei sjuk, eller snittet av inntekta dei siste tre åra.

Frå 1. januar vart maksimal stønadsperiode redusert frå fire til tre år.

Artikkeltags