Naustdal Dampbakeri blir hovudleverandør til Coop Vest i Sunnfjord, Ytre Sogn og Gloppen

NY AVTALE: Naustdal Dampbakeri blir hovudleverandør til Coop Vest i Sunnfjord, Ytre Sogn og Gloppen.

NY AVTALE: Naustdal Dampbakeri blir hovudleverandør til Coop Vest i Sunnfjord, Ytre Sogn og Gloppen. Foto:

NÆRINGSLIV: Det opplyser Coop Vest i ei pressemelding onsdag føremiddag.

DEL

(Firda) I mars 2017 kutta Coop-butikkar i avtalen med brødlevering frå Naustdal Dampbakeri. Bakeriet mista leveransane til ti Coop-butikkar, samt at leveringa til butikkar i Førde, Florø og Naustdal blei halvert.

I pressemeldinga som blei send ut onsdag, kjem det fram at Naustdal Dampbakeri og Coop Vest sida august i år har jobba i lag for å kome fram til ein ny avtale.

Avtalen skulle eigentleg underskrivast denne veka, med avtale om oppstart frå 1. januar 2019. Men no er det avgjort at avtalen trer i kraft umiddelbart, og at Naustdal Dampbakeri blir hovudleverandør allereie no.

  – No kan vi tilsette fleire på bakeriet 


Geir Espe, administrerande direktør i Coop Vest, seier i pressemeldinga at avtalen ikkje har noko med dei graverande funna hos Goman Rogndalsen, Lindås-bakeriet som tok over avtalane etter Naustdal Dampbakeri i 2017.

– Vi er svært glade for å få i stand denne avtalen, som allereie har vore i prosess sidan i august. Avtalen har med andre ord ingenting med det som har skjedd på Goman Rognaldsen å gjere, men sett i lys av den saka vil avtalen tre i kraft umiddelbart. Vi ser no framover og gler oss over ein avtale som er viktig for begge partar og for heile Sunnfjord, seier Espe.

– Betyr mykje for bakeriet

Naustdal Dampbakeri seier i avtalen at dei gler seg til samarbeidet med Coop Vest. Martin Berntsen, dagleg leiar i Naustdal Dampbakeri, fortel at Coop Vest tok kontakt med dei i august i år for å sjå på moglegheitene for å få ein totalavtale på brød og bakevarer med bakeriet frå 1. januar 2019.

– Grunna dei særskilde omstenda som oppstod førre veke, vart vi samde om å skunda fram avtalen. Dette vil gjere ting meir føreseielege for oss, og gi oss det langsiktige fokuset som vi lenge har ønska oss, seier Bertnsen. Han legg til av avtalen betyr mykje for bakeriet.

Sjølv om ikkje avtalen med Naustdal Dampbakeri var på plass då situasjonen på Goman Rognaldsen blei kjend, har Naustdal Dampbakeri bidratt til å få brød ut til Coop-kundane i Sunnfjord.

Takkar bakeriet

– Vi er svært takksame for den hjelpa vi har fått og for at Naustdal Dampbakeri har trådd til i denne vanskelege situsjonen. Det betyr at brød frå bakeriet allereie har vore i butikkar i ei vekes tid, seier Espe.

– Coop Vest har vore den største og viktigaste samarbeidspartnaren vår i alle år, og vi gler oss over at dette også vil gjelde framover. Dette betyr mykje for både leiinga og våre tilsette, og for framtida til Naustdal Dampbakeri, seier Bertnsen i pressemeldinga.

Tidlegare

For Naustdal Dampbakeri blei ein av konsekvensane etter endringa i 2017, at det måtte nedbemanne: Dei måtte kutte fire årsverk.

Martin Berntsen, dagleg leiar ved Naustdal Dampbakeri, sa i mars i år at dei rekna med å ha gått ned rundt 20 prosent i omsetnad på grunn av endringa Coop-avtalen.

Det var førre fredag det vart kjend at Goman Rognaldsen på Lindås vart stengt ned med umiddelbar verknad.

– Terskelen for å stenge ei produksjonsbedrift er ganske høg, men her var vi ikkje i tvil. Det er veldig sjeldan at vi ser så grove tilfelle, sa seksjonssjef i Mattilsynet Randi Øyen Afdal til avisa Nordhordland. Det vart mellom anna funne fugle-, rotte- og museskit i produksjonslokalet.

«Vi vurderer at brød som er kjørt gjennom kjølekarusell kan utgjøre en helsefare da det er observert fugleskitt på selve transportbåndet hvor uemballerte brød transporteres før oppskjæring og pakking.» stod det mellom anna i rapporten frå Mattilsynet.




Artikkeltags