I innspelet skriv dei at dei ikkje set seg imot ei områderegulering av Midtmarka og Rotemyra, men at dei likevel meiner omfattande utbygging i området er ein forfeila strategi.
Dei meiner at ein i planlegginga må framheva og utvikla dei grøne verdiane i området.
Dei peiker òg på at utbygginga som er planlagt i Lonena vil kunne forsterke verdien og auke bruken av Flatøy og Håøy som fritidsområde.
«Midtmarka er ein viktig del av opplevinga der ho ligg som ein urørt naturkorridor inn mot Håøya» skriv dei i innspelet, og merkar seg at også sjøområda og strandsona har ein tilsvarande verdi i området.
Nordhordland Turlag deler liknande tankar i sitt eige innspel. Dei rår til at området «bør ha ein urørt korridor der ein gjennom uskadd natur kan ta seg fram til Håøy som vi legg til grunn skal vernast totalt til friluftsføremål».
Turlaget skriv òg at dei ønskjer at allmennretten framleis skal gjelde strandsona i området, og
– Ønsker det skal vere ei grøn lunge
Naturvernforbundet er opne for bygging av mindre bustadfelt og opprusting av det lokale vegnettet, men seier nei til omfattande bustadutbygging.
«Vi ønskjer at Flatøy og Håøya skal vera ei grøn lunge også i framtida og ønskjer oss tiltak som støtter opp under denne verdien, t.d. sjøsportssenter og regionalt museum» skriv Naturvernforbundet.
Dei ber også om at eigne undersøkingar av naturmangfaldet i tiltaks- og influensområdet, særleg i sjø, blir ein del av konsekvensutgreiinga for planane.
Trur det kan skade det bustadmønsteret i Nordhordland
Som fylket og fylkesmannen har gjort, stiller Naturvernforbundet spørsmål ved samanhengen mellom størrelsen på planen og den venta folkeveksten.
Dei skriv at Frekhaug og Knarvik har stort fortettingspotensial, og at det planlagde talet bustader i kommunen ikkje står i forhold til den venta folkeveksten, som ifølge SSB sitt lågaste alternativ, er på 4500 innan 2040.
«Med andre ord vil det bli stor overkapasitet i bustadmarknaden i Alver om ein samstundes med utbygginga på Flatøy skal fortetta i Knarvik og Frekhaug pluss sikra vekst i dei ytre og indre bygdene» skriv dei, og legg til at dei planlagde bueiningane i Midtmarka kan vere til skade for eit desentralisert bustadmønster i Nordhordland.

Statens vegvesen med innvendingar mot utbygginga på Flatøy: Vil ha ny Hagelsundbru først
