Gå til sidens hovedinnhold

Naturen har sin eigenverdi

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Kjære alle vener av natur og fjell!

Her er min appell som eg heldt i Stordalen 12.5.21 i høve markeringa mot vindindustri. Takk til engasjerte som møtte opp og til arrangørane med Folk For Fjella i spissen. De gjer eit livsviktig arbeid!

Ein dag i januar 2018 tok eg eit viktig val.

Eg var ordførar i Lindås og Norsk vind hadde bedt om møte. Med meg hadde eg min gode kollega og utvalsleiar i plan og miljø, Ståle Hauge.

Eg hadde ikkje tenkt tanken på at nokon ville byggje industriområde – gigantprosjekt i våre fjell og verdifull natur!

Vi lét oss ikkje sjarmere av lukrative ordningar eller eigedomsskatt, nei – der og då tok eg og Ståle eit verdival, eg ville kjempe den kampen, vere på lag med naturen til det beste for menneska og den oppveksande slekt.

Naturen er ein ressurs i friluftssamanheng og viktig for å vareta folkehelsa. Artsmangfaldet, kulturlandskapet frå fjord til fjell til fjord er uerstatteleg.

Bjørn West-historia knytt til fjella våre er av historisk verdi og av nasjonal interesse.

Eg er urokkeleg – mitt verdival gjeld. Naturen har sin eigenverdi, står det i KrF sitt program. Vidare står det:

At omsynet til naturmangfald skal tilleggjast stor vekt i arealplanlegging og infrastrukturprosjekt, konsesjonar, energi- og kraftutbygging samt hytteutbygging.

Oppdraget er å overlevere natur og miljø i betre stand til våre etterkommarar enn då vi sjølv overtok ansvaret.

KrF sitt nye program slår fast at det lokale sjølvstyret skal vere gjeldande når det kjem til vindkraft. Staten skal ikkje tvinge kommunane til slik industri.

KrF og eg støttar sjølvsagt forslaget at dei stolte Masfjordfjella må få status som nasjonalpark og KrF seier nei til vindkraft i fjellområda.

For kvart kraftverk som blir realisert, så taper vi som nasjon. Planane her i vårt område med Europas største vindkraftanlegg på land skal og må stoppast.

Dei verdiane som ligg her i naturen i fjella kan ikkje målast i verken pengar eller terawatt.

Kommentarer til denne saken