Delvis måneformørking synleg frå tysdag kveld

En delvis måneformørkelse vil være synlig på himmelen over store deler av landet tirsdag kveld. Bildet er tatt under måneformørkelsen i april i fjor, sett fra Eggedal i Buskerud.

En delvis måneformørkelse vil være synlig på himmelen over store deler av landet tirsdag kveld. Bildet er tatt under måneformørkelsen i april i fjor, sett fra Eggedal i Buskerud. Foto:

Får du fanga eit stilig bilete av fenomenet? Send det til oss eller bruk #avisanh på Instagram!

DEL

Den delvise måneformørkinga varar frå klokka 20.42 tysdag kveld til litt etter klokka to natt til onsdag. På det meste vil godt over halvparten av måneskiva vere formørka, skriv Himmelkalenderen.

Den første delen av formørkinga kan derimot ikkje observerast frå Norge.

Månen står først opp i Kristiansand klokka 22.15. Deretter vil den vere synleg i Oslo klokka 22.18, i Bergen klokka 22.45 og i Trondheim klokka 22.59. Folk i Mo i Rana vil kunne sjå månen så seint som klokka 23.38.

Saturn er synleg

For at ein skal kunne sjå den delvise måneformørkinga, må det vere fri sikt og skyfri himmel mot søraust. Har du fjell, tre eller bygningar i denne retninga, tek det lenger tid før månen dukkar opp.

Måneformørkinga er delt inn i fleire delar. Formørkinga er størst rundt klokka 23.30 tysdag kveld.

Samstundes vil ringplaneten Saturn skinne med eit sterkt, gulaktig lys eit stykke til høgre for månen. Planeten er på sitt klaraste og største i juli.

Befolkninga i store delar av Nord-Norge blir snytt for fenomenet. Månen er under horisonten heile kvelden og natta, og den vil derfor ikkje vere synleg frå den nordlege delen av Nordland.

To måneformørkingar i fjor

Ei måneformørking oppstår når jorda går mellom sola og månen, og hindrar at sollyset når månen si overflate. Det kan skje opptil fleire gonger i året.

I tilfella der heilskuggen berre dekker ein bit av månen, er formørkinga delvis.

Det var to totale måneformørkingar i Norge i fjor, 31. januar og 27. juli. Det var derimot vanskeleg å sjå desse, ettersom månen sto svært lågt på himmelen under den totale fasen.

Får du fanga eit stilig bilete av fenomenet? Send det til oss eller bruk #avisanh på Instagram!

Artikkeltags