Rydda mange båtlass med søppel: – Fleire stader må ryddast

Iherdig innsats: Lily May Farrow, Tomas James Farrow og Karen Margrethe Frantzen plukkar boss ved Brupollen ved Toskavegen, Manger. – Det tok ikkje mange timer å samle alt dette bosset dessverre. Ungane stod på og gjorde ein fantastisk jobb. Her er det mye arbeid å gjere, seier Berit Farrow.FOTO: privat

Iherdig innsats: Lily May Farrow, Tomas James Farrow og Karen Margrethe Frantzen plukkar boss ved Brupollen ved Toskavegen, Manger. – Det tok ikkje mange timer å samle alt dette bosset dessverre. Ungane stod på og gjorde ein fantastisk jobb. Her er det mye arbeid å gjere, seier Berit Farrow.FOTO: privat

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Mange gjorde eit stort stykke arbeid under strandryddedagen lørdag, men det er enno mykje som står att.

DEL

Lørdag var det nasjonal strandryddedag, og over heile landet var ryddelag i aksjon. Børje Møster var ein av dei som gjorde ein innsats på Radøy.

LES OGSÅ: Har rydda over tre tonn med boss

– Vi var berre åtte personar som rydda ei av dei sterkt forureina vikene på vestsida av øya Kvolmo utanfor Kvalheim på Radøy, fortel Møster.

Farleg avfall

– Vi heldt på i rundt fem timar, og køyrde fleire båtlass inn til kaien ved Kvalheim Fritidssenter, som stilte med to båtar. På denne tida fylte vi opp ein halv container med plastsøppel. I tillegg ein stor tilhengar med farleg avfall som glas, metall og olje.

Rundt 50 liter spillolje, fryseboksar og bildekk vart også tatt med til land.

LES OGSÅ: – Det er viktig å bidra

Han synest det blir gjort for lite for å ta tak i problemet med ureining av det maritime miljøet, som etterlyser eit større engasjement for dette store miljøproblemet.

Liten interesse

– Det er fleire andre stader i området som burde blitt rydda, men det er overraskande liten interesse for å hjelpe til med strandrydding. Det er ikkje berre i nærområde der ein ferdast at naturen må ryddast, og den visuelle sida av forsøplinga er det minste problemet, seier han.

Miljøet er mest skadelidande for søppel på stader der ein vanlegvis ikkje ferdast. Plastavfall som blir liggande blir brotne opp i stadig mindre biter.

LES OGSÅ: Desse var best i fylket

– Til slutt er det nesten som støv, også kalla «havfruetårar». Desse plastpartiklar og mikroplast blir tatt inn i kretsløpet, og inneheld blant anna østrogenliknande hormonhermarar, som viser seg kan føre til sterile eller muterte dyrearter, seier Møster.

– Barn og unge bør delta

– Dette vil igjen slå tilbake på oss menneske, og som eit naturens karma får vi tilbake det som vi sender ut.
Møster meiner barn og unge bør delta på slike ryddeaksjonar.

– Dei bør få eit innblikk i korleis naturen kan forpestast dersom man går gjennom livet med bind for auga. Kanskje skulane bør ta eit større samfunnsansvar her, spør Møster.

Artikkeltags