Såg du dette lyset i går? Difor gløda himmelen

Nei, det var ikkje ein ufo - det gjekk føre seg avfakling på Kollsnes.

DEL

Brannvesenet vart ringt ned onsdag kveld av folk som lurte på kvifor himmelen vart lyst opp.

Mange spekulerte i kva dette kunne vera, fleire meinte det kunne vera norlys. Det var verken det eller ufo:

Årsaka var at det gjekk føre seg såkalla avfakling på Kollsnes i Øygarden i samband med at eit av Equinor sine anlegg vart stengt ned. Dei måtte kvitte seg med store mengder gass. Dette skjedde gjennom ein kontrollert avbrenning.

Brannvesenet var informert og det var ikkje noko dramatikk i dette.

Avfakling gjerast med jamne mellomrom, men ondag kveld lysa det ekstra kraftig opp. Flammene var om lag 40-50 meter høge.

Det er berre når skydekket er lågt at det er mogleg å sjå fenomenet på så låg avstand.

Årsaka til lysfenomenet var at det gjekk føre seg såkalla avfakling på Kollsnes i Øygarden

Årsaka til lysfenomenet var at det gjekk føre seg såkalla avfakling på Kollsnes i Øygarden Foto:


Artikkeltags