Her lagar dei det som kan verta ein oppdrettsrevolusjon

Algepiloten på Mongstad. Co2Bio, Alger, forsking.

Algepiloten på Mongstad. Co2Bio, Alger, forsking. Foto:

Etter ein trøblete start produserer no alge-anlegget på Mongstad for fullt.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– No er me hastige. Me må vera klare med ein konklusjon i 2019, seier Svein Nordvik, dagleg leiar i Co2Bio.

Forskingsprosjektet til mellom anna Universitetet i Bergen og Nordhordland næringslag er i gang med produksjonen på Mongstad etter ein trøblete start. Anlegget vart opna med brask og bram i november 2016, men produksjonen kom ikkje i gang før ved påsketider 2017.

Produserer på høg-gir i drivhuset på Mongstad

Fyrst hadde dei problem med å skaffa led-lysa dei hadde behov for, før det var mangel på andre deler som utsette oppstarten.

Deretter har dei produsert tre ladningar med biomasse og den fjerde er i gang i desse dagar.

Vatn med ein algekultur vert pumpa inn i røyrsystema som er fordelt på fire reaktorar på 750 liter kvar, og tilsett CO2 og næring for å stimulera algeveksten. Når algane har nådd ønska konsentrasjon vert dei tappa ut. Fyrste ladning innheldt 19 kilo biomasse, det har dei klart å jobba vidare med og i tredje ladning klarte dei å få fram 38 kilo.

Her frys dei ned all biomassen som dei har produsert så langt på Mongstad. I 2018 skal dei testa det ut i fiskefor.

Her frys dei ned all biomassen som dei har produsert så langt på Mongstad. I 2018 skal dei testa det ut i fiskefor. Foto:

Dei tappar ut 80 prosent, og fyller opp att med vatn. Så gjentek prosessen seg. Det vert brukt kunstig belysning i tillegg til sollys, og det vert også montert led-lys med ulik farge som dei skal eksperimentere med for å skapa optimale veksttilhøve for mikroalgane.

LES OGSÅ: Mongstad-alger kan løysa verdsproblem

Eksperthjelp frå Nederland

Til å stå for forskinga har dei henta to nederlendarar som er tilsett ved høvesvis Universitetet i Bergen og Uni research. Det er og henta inn ein gjesteprofessor frå Nederland som skal hjelpa til kompetansemessig. For å passa på maskinparken er det tilsett ein operatør som har sitt daglege virke på Mongstad.

Grunnen til at dei i det heile er i gang med dette forskingsprosjektet på Mongstad er at kjelda til omega-3 til fiskeindustrien har i alle år vore fiskeolje. Fiskeindustrien har snart tatt ut det råstoffet som er mogleg å ta ut innan berekraftig utvikling for fiskeolje. Og alt om kort tid kan mangelen på omega-3 vera avgrensinga for laksenæringas vekst. Difor har dei no kasta auga sine mot CO2. Og næringa er villige til å bruka store pengar på dette.

Førebels endar biomassen dei produserer i eit fryseskåp på Mongstad. Men i 2018 skal dei bruka det på fisk.

Dei skal gjera to forsøk. Eit på bittesmå fiskar på to-tre gram kvar, då den veks lynraskt. Dei skal og forska på kva effekt denne omega 3-en har på større fisk på rundt eit kilo. Det dei skal gjera er å tilsetja biomassen til foret til fisken.

Må verta billigare produksjon

Det er ikkje berre effekten på fisk dei må finna ut av, dei må og få ned produksjonskostnaden.

– Får me ikkje det til, er me ikkje konkurransedyktige, seier Nordvik.

Men han er framleis positiv.

Terje Breivik (V) (Her til høgre i biletet, ironisk nok) og Svein Nordvik har begge stor trur på algeprosjektet. Nordvik har kjempa det fram og Breivik skaffa finansieringa.

Terje Breivik (V) (Her til høgre i biletet, ironisk nok) og Svein Nordvik har begge stor trur på algeprosjektet. Nordvik har kjempa det fram og Breivik skaffa finansieringa. Foto:

– Det aller viktigaste er at fisken evnar å ta opp næringa og verta omega3-rik. Då trur me og at me skal klara å tuna produksjonen, seier han.

No er det tidsaspektet som er utfrodringa.

Har fått fleire konkurrentar

– Det me ser er at det dei siste åra er kome fleire andre produkt på bana, difor føler me at me skal hasta på, seier Nordvik.

Tysdag denne veka var Terje Breivik, nestleiar i Venstre på besøk på Mongstad. På mange måtar er det han Nordvik takkar for at anlegget er oppe og står i dag, då det var Brevik og Venstre som klarte å skaffa dei siste seks millionane til anlegget gjennom revidert statsbudsjett i 2015.

– Dette her er eit prima døme på når ein skal industrialisera eit forskingsprosjekt, seier han.

Han seier heile prosjektet er ein svært spanande moglegheit til å nytta Co2 som likevel vert fanga, til noko så smart.

– Dette kan vera løysinga på eit bærekraftig havbruk, trur han.

Artikkeltags