Fregatten har kome til Hanøytangen

Torsdag formiddag vil KNM «Helge Ingstad» fortøyast ved Hanøytangen.

DEL

(BA) – Gode vêrforhold i natt har gjort at flyttinga har gått fint for seg, seier kommunikasjonsrådgivar i Forsvarsmateriell, Elisabeth Sandberg.

Torsdag formiddag kom fregatten og kranlekterane Hanøytangen.

Sandberg fortel at det vil ta rundt fire timar før fregatten og kranlekterane er fortøydd. Så vil den aktive og passive dreneringa fortsette.

– Skroget må tømmast for vatn. Den aktive vassdreneringa er det som må gjerast for vatnet som ikkje naturleg vert drenert ut, forklarar kommunikasjonsrådgivaren.

Det er «Helge Ingstad»-besetningen som er om bord på fregatten og jobbar med den aktive dreneringa.

– Det er dei som kjenner fartøyet best, og dei har fått god opplæring i korleis dette skal gjerast, forklarar Sandberg.

Ho fortel at dei reknar med at fregatten kjem til Haakonsvern søndag.

Artikkelen held fram under bildet.

Vêret skapte problem

Onsdag morgon blei det bestemt at den opphavlege hevingsplanen var for risikabel, og at fregatten KNM «Helge Ingstad» måtte flyttast til Hanøytangen.

Årsaka til flyttinga var at det er venta store dønningar på havaristaden, noko som skapar trøbbel for bergingsoperasjonen.

Ved 14-tida onsdag starta førebuingane til slepet. Flyttinga skjer ved at fregatten vert fortøydd fast mellom de to kranlekterane «Gulliver» og «Rambiz», slik at det blir ein samankopla eining.

Se video frå lufta: Her flyttast fregatten 

Klokka 2025 onsdag kveld starta slepinga, som har blitt følgt av ein militær eskorte.

– Kvifor har ikkje flyttinga til Hanøytangen skjedd før no?

– Det er fordi det miljømessig er ein større risiko når vi no skulle flytta havaristen. Men på grunn av dei store dønningane som var venta, blei det kritisk fordi «Helge Ingstad» skal over på lekterane. Det er derfor langt tryggare å gjera dette ved Hanøytangen, forklarar Elisabeth Sandberg.

Planen med Hanøytangen, kor all planlegging rundt bergingsoperasjonen har gått føre seg, har heile vegen vore ein «plan B».

– Vi har heile tida hatt alternative løysingar, seier Sandberg.

Artikkelen held fram under bildet.

Foto:

Skal rydda havaristaden

KNM «Helge Ingstad» har lege på havaristaden sidan 8. november i fjor.

Det er tidlegare meldt om oljesøl frå fartøyet, og Kystverket opplyste tidlegare denne veka at Statens naturoppsyn har observert oljeskadd fugl og pattedyr.

Kystverket har hatt oljevernberedskap ved havaristen, og under hevingsarbeidet har dette vore styrkt.

På havaristaden vil Minedykkarkommandoen til Forsvaret torsdag rydda havbotnen. Hjorteseth Shipping og IMC diving vil også delta i oppryddingsarbeidet som vil gå føre seg i tida framover.

Fartøyet MS «Flekkerøy» vil starta rydningen langs strandsonen førstkommande måndag.

Artikkeltags