MF «Ole Bull» vil spela på fleire strengar

TESTPROSJEKT: Ferjesambandet Breistein–Valestrand kan få fullskalatesting av hydrogen som framdriftssystem. Om alt går som planlagd kan prosjekte vera i gang frå i haust. FOTO: Morten Sæle

TESTPROSJEKT: Ferjesambandet Breistein–Valestrand kan få fullskalatesting av hydrogen som framdriftssystem. Om alt går som planlagd kan prosjekte vera i gang frå i haust. FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Østerøy-ferja kan bli først i Norge til å testa hydrogendrift.

DEL

– Dette er utruleg spennande, alt er no tilrettelagt, vi er klare til å bygga om, seier teknisk sjef i Osterøy ferjeselskap, Ove Normann.

Om alt går som dei ønsker vert det testing av hydrogendrift frå i haust.

Bergenske CMR Prototech står bak den tekniske løysinga.

– Vi har tidlegare hatt samarbeid med dei. På eit møte i mai 2015 sa dei at dei var interesserte i å testa ut hydrogen. Vi fortalde at vi har ein båt som er veldig godt egna, seier Normann.

LES OGSÅ: Meiner Ampere må bli nasjonal ferjestandard

I august i fjor, starta dei å sjå på moglegheitene for ombygging saman med Solund verft.

– No har vi utarbeidd prosjekteringsplan for å tilrettelegga for hydrogendrift, som vart oversendt i november til Prototech. Vi er klar til trykka på knappen, og bygga båten om, seier han.

Prototech bygger ein container som skal stå på dekk, medbrenselsceller og batteri for å testa ut teknologien.

Dei søkjer støtte frå Enova, for å driva gjennom prosjektet med offentlege midlar som dei deler ut til meir miljøvennleg energibruk i transportnæringa.

Dei ser og på moglegheiten om fylket kan vera med å bidra med midlar.

Lav kostnad

– Det er utruleg spennande, alt er godt tilrettelagt. Ein får ikkje ein enklare båt enn «Ole Bull», seier Normann.

– Ferja har eit stort og romsleg dekk, der ein enkelt kan plassera kontainar med den teknologien ein ønskjer å testa ut. Den er enkel i konstruksjonen, og enkle tilkoplingar for straum og hydraulikk. Dette gjev ein høvesvis lav kostnad for å gjera ein fullskala hydrogentest, forklarar Normann.

– Båten kan dermed brukast som testlaboratorium, ikkje berre for hydrogen, men og rein batteridrift. Den kan brukast til mykje spennande, seier han.

LES OGSÅ: Pøbelstreker stoppa «Melderskin»

– Det er slik vi ønsker å bruka fartøyet. Kjem det offentlege midlar, og dei ligg på bordet, så vil vi gjera den ombygginga som krevst.

– For oss er det viktig å ha fleire bein å på stå på, ikkje berre trafikken fram og tilbake, seier han.

Normann ser at hydrogen galant erstattar diesel og bensin, sjølv om det pr. i dag er dyrt å framstilla.

– Prisen vil gå ned når fleire tar det i bruk. Det er eit kjempeflott stoff så lenge det er i kontrollerte formar, seier han.

Hydrogenleveransen er eit anna aspekt i det heile.

LES OGSÅ: Vil ha el-ferje på Fensfjorden: – Reduserer utslepp

– Vi har to alternativ pr. no. Anten levert med tankbil ein gong i døgnet, eller å setta opp ei produksjonseining på Breistein fergekai, som vil dekka behovet til ferja og dei som har hydrogenbil, seier han.

– I første omgang vil ein få det tilkøyrd, så på sikt få til produksjon lokalt.

For å unnga driftsstans under testing er det krav til at ein kan byta til diseldrift om nødvendig.

– Vi skal kunna kopla om på to minutt til vanleg diseldrift. Vi må unngå driftssstans, vi er heilt avhengige av den inntekten, og kundane som reiser til Nordhordland og Åsane er avhengige av oss, det blir tungvint for dei om vi ikkje går.

14 dagar utan drift

Når prosjektet startar blir det 14 dagar utan drift for å få alt på plass med ombygging og testing. Nytt regelverk må òg utarbeidast.

– I dag er det ikkje noko regelverk skissert opp i høve kva tryggleikskrav ein stiller til hydrogendrift. Det blir utarbeidd nytt regelverk basert på detteprosjektet, det er eit av krava til ein fullskala test, seier Normann.

– I starten vil vi gjera testing av hydrogendrift på nattestid og gå med ordinær dieseldrift på dagtid før vi byrjar å gå på hydrogen i normal drift.

Tanken er at dette regelverket dannar grunnlaget for at næringa kan bygge båtar med hydrogen som framdrift i framtida.

Artikkeltags