Regjeringa tok ikkje eit val: Gjekk for tre hovudvegar aust - vest

Regjeringa er samd med KrF og Venstre om å velje fleire vegar som hovudsamband mellom Austlandet og Vestlandet, i tillegg til E134.

Regjeringa er samd med KrF og Venstre om å velje fleire vegar som hovudsamband mellom Austlandet og Vestlandet, i tillegg til E134. (Foto: )

Av

Regjeringa er samd med KrF og Venstre om å velje fleire vegar som hovudsamband mellom Austlandet og Vestlandet, i tillegg til E134.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Det kunngjorde Trond Helleland (H) og Morten Wold (Frp) under arrangementet Rein Vidde-konferansen på Geilo måndag.

Riksveg 7 Hardangervidda skal bli utvikla som hovudvegsamband for persontrafikk, med stor vekt på moglegheitene som finst for turisme, og med omsyn til villreinproblematikken.

Næringstransport

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet skal vere hovudsamband for næringstransport. Her skal det leggjast vekt på å få trafikken bort frå sentrum og få opp fart og vinterregularitet. E16 er vintersikker, men utgjer lengst køyreavstand Oslo-Bergen. Vegen skal likevel bli fullført og vil vere ein viktig avlastingsveg når andre overgangar er stengt, heiter det i ei pressemelding.

Regjeringa vil i Nasjonal transportplan legge opp til strekningsvise utbetringar gjennom det som vil bli kalla «samordningsstrekningar». Her får Statens vegvesen moglegheit til sjølv å disponere middel for å utbetre kritiske flaskehalsar utan at det blir definert som store, enkeltståande prosjekt som må bli vedtatt i Stortinget med ei eiga kostnadsramme.

Fakta om hovudvegar mellom vest og aust

Regjeringa og samarbeidspartia KrF og Venstre er einige om følgande vegsatsingar mellom Vestlandet og Austlandet:

* Riksveg 7 over Hardangervidda skal utviklast som hovudvegforbindelse for persontrafikk, med stor vekt på moglegheitene som finnst for turisme.

* Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet skal vera hovudvegforbindelse for næringstransport.

* E16 over Filefjell skal fullførast og vil vera ein viktig avlastningsveg når andre overgangar er stengt. Dette er dagens stamveg.

* Det er frå før klart at E134 skal være ein av hovudvegforbindelsane.

* Også riksvei 50 Hol-Aurland vert rekna blant dei viktige fjellovergangene, men denne er ikkje med i satsinga.

1.000 milliardar kroner

– Samarbeidspartia har store ambisjonar for utviklinga av samferdsleløysingane. Det er allereie varsla at det skal brukast 1.000 milliardar kroner på samferdsel dei neste åra. Vi har også ambisjonar utover dette for den langsiktige utviklinga av vegnettet fram mot 2050, seier Trond Helleland.

(Foto: )

– Aust-Vest-utgreiinga konkluderte med at det burde bli valt to hovudvegar mellom aust og vest i eit 2050-perspektiv. Det er no semje om at det bli valt fleire vegar i tillegg til E134, der riksveg 52 skal bli vidareutvikla som ein hovudveg for næringstransport, og riksveg 7 skal bli vidareutvikla som ein hovudveg for persontransport og turisme, seier Morten Wold.

(©NPK)

Artikkeltags