Fleire alvorlege personskadar på norsk sokkel

I fjor blei det registrert til saman 205 personskadar på norsk sokkel. 27 av dei var alvorlege – Det er ein auke frå året før.

I fjor blei det registrert til saman 205 personskadar på norsk sokkel. 27 av dei var alvorlege – Det er ein auke frå året før. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

I fjor blei det registrert til saman 205 personskadar på norsk sokkel. 27 av dei var alvorlege – Det er ein auke frå året før.

DEL

Det viser tal frå årsrapporten Risikonivå i norsk petroleumsverksemd (RNNP), ifølgje nettsida til Ptil.

– RNNP-tala viser dessverre at talet på alvorlege personskadar på sokkelen aukar. Etter fleire år med nedgang, ser vi at det har vore ein auke kvart år etter 2013, med unntak av 2016. Det er urovekkjande, seier Ptil-direktør Anne Myhrvold.

Innan myndigheitsområdet til Petroleumstilsynet var det éi dødsulykke i fjor. Den skjedde den 7. desember på boreriggen Maersk Interceptor. Både dei involverte selskapa og Ptil har granska hendinga i ettertid.

– Dette var ei tragisk ulykke, og det er viktig å komme til botn i årsakene og lære av det som hendte, seier Myhrvold.

Ei spørjeundersøking blant dei som arbeider på norsk sokkel og på landanlegga viser også ei negativ utvikling. Vurderinga av arbeidsmiljø viste signifikant nedgang både når det gjaldt fysisk, kjemisk, ergonomisk, psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø. Dei tilsette på norsk sokkel rapporterte også om meir kjensle av fare i 2017 enn ved førre måling i 2015.

På den anna side viser RNNP-tala redusert potensial for såkalla storulykker.

– Næringa må sørgje før at den gode utviklinga fortset med omsyn til reduksjon av storulykkesrisiko. Samstundes er det viktig å ta tak i dei utviklingstrekka som no peiker i negativ retning, seier Myhrvold.

Artikkeltags