– Kjekt å ha elevane her

Kariann Hermansen og Vilde Færøy

Kariann Hermansen og Vilde Færøy Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det er lærarane som planlegg arbeidsveka for elevane på Knarvik ungdomsskule. Her fortel rådgjevar Sven Vidar Arnøy om kvifor elevane treng denne veka i året ute i arbeidslivet.

DEL

– Arbeidsveka er ein del av faget utdanningsfag (utd) som elevane har på skulen. Der kjem ein bort i teori og arbeidsveka er ein meir praktisk ting. Når ein er ute i bedrift får ein prøve seg i jobb og lære litt om eit konkret yrke. Mange elevar synest det er kjekt å få prøve seg ute i arbeidslivet og lære litt om det, seier Sven Vidar Arnøy.

LES OGSÅ: Over 100 elever frå knarvik ungdomsskule testar arbeidslivet – Kjekt å få prøva seg

Dei fleste elvane har valt jobb sjølve og spurt dei forskjellige bedriftene. Her er eit lite innblikk i kva nokre av dei som jobbar i bedriftene tenker om arbeidsveka.

Rådgjevar Sven Vidar Arnøy

Rådgjevar Sven Vidar Arnøy Foto:

– Eg synest det er positivt at dei får prøve seg i jobb, og at dei får sjå jobb i eit anna perspektiv. Det er lurt at dei får eit innblikk i arbeidslivet og får sjå at når ein er på jobb så må ein jobbe. Eg synest det er fint å få litt ekstra hjelp her i butikken av Vilde Færøy. Ho gjer ein god jobb her på Blomstermiljø. Ho er effektiv og flink, og gjer det ho får beskjed om. Litt ekstra hjelp er jo berre koseleg, det, seier Kariann Hermansen.

– Det er veldig kjekt at elevane får ha arbeidsveke. Det er veldig gøy å ha dei her, seier Yvonne Palasi, som er kjøkkensjefen på Folkemunne-kafeen.

– Dei er smilande og glade heile tida, og det jo kjekt å lære bort ting til dei også. Denne veka ryddar dei, lager litt mat og gjer litt andre oppgåver, dei gjer eigentlig alt mulig, seier ho.

LES OGSÅ: Råd for unge arbeidssøkarar: – Vis initiativ!

Artikkeltags